SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 306 skann 308

306 drama med samanhangande handling som har ei byrjing, ei stiging til dramatisk høgdepunkt og ein slutt. I førstninga bør oppgåvene vere enkle, t.d. frå glede til sorg til glede att. Her og er det viktig at elevane i samtalen før dramatiseringa har laga seg eit indre bilete av det dei skal vise fram, slik at dei og tenkjer dei tankane som er naturlege i dramatiseringssituasjonen. Oppgåvene bør variere i innhald og når det gjeld miljø. Emne som høver godt, er slike som elevane kan forstå ut frå sitt eige kjensleliv, og som gjev inspirasjon til diskusjon av alternative holdningar og reaksjonar. Vanskegraden i oppgåvene kan stige til elevane er mogne for improvisasjonar der fleire personar er med i ei handling som fører til tre eller fire forandringar av kjensler. d. Improvisasjonar med ord. Ordet kan komme naturleg hos elevane under dei improvisasjonane som alt er nemnde, og elevane bør få lov til å uttrykkje seg verbalt dersom dei hår behov for det. Ein kan og gå tilbake til tidlegare oppgåver og be elevane bruke ord. Hos dei fleste vil ordet komme naturleg dersom læraren har greidd å få elevane engasjerte i stoffet, og dersom atmosfæren i klassen er så god at ingen er redde for å dumme seg. Ein kan og bruke spesielle improvisasjonar der ein rettar søkjelyset mot ordet. Ved improvisasjonar med ord blir elevane merksame på at forandring av kjensler også verkar på måten vi talar på. Innhaldet i det elevane seier, heng saman med kor godt dei får leve seg inn i oppgåva, identifisere seg med kjenslene og tenkje dei tankane som oppgåva gjev inspirasjon til, og så gje desse tankane ord. Gjennom øvingar med ord legg ein no grunnen til dramatiseringar. e. Dramatisering. Materialet til dramatisering kan ein hente frå skolefag eller emne i tilknyting til dei, som litteratur og historiske hendingar, eller dei kan hentast frå vår tid og takast rett ut av vår eigen situasjon. Dramatiseringsoppgåver bør innehalde ei handling som fengjer, roller som er truverdige og interessante, eit emne som kan setje kjensler i sving, ein raud tråd som gradvis fører fram mot eit dramatisk høgdepunkt, og hendingar som det er lett å gruppere i nokre få samanhangande scener kring eit sentralt tema som er verdfullt nok til å takast opp. ARBEIDSMÅTAR I dramatisk verksemd må elevane arbeide med seg sjølv, oppdage, utvikle og bruke varierte og kanskje ukjende sider av personlegdomen. Innleving, konsentrasjon og engasjement vil hjelpe elevane til å uttrykkje seg ekte. Sjølve arbeidsprosessen, prøving og eksperimentering, blir mykje viktigare enn eit eventuelt ferdig resultat. Den dramatiske verksemda må planleggjast, stoffet veljast og arbeidet leiast slik at det tener målet. Ein kan t.d. ta til med å samtale om stoffet, dra opp hovudlinjer, fordele oppgåver, samle opplysningar og materiell, diskutere ulike løysingar og gjennom prøving arbeide seg framover mot ei form. Det må vere plass for spontanitet og fantasi. Ved etterarbeid set ein ulike syn og løysingar opp mot kvarandre, og deltakarane blir oppmuntra til gjensidig å rose og råde kvarandre. Kan hende kjem ein på nye idear. Det er viktig at læraren førebur ei oppgåve i skapande dramatikk nøye, så gjennomføringa ikkje blir verdlaus. Når ein skal setje opp ein arbeidsplan i skapande dramatikk, er det fem hovudpunkt ein må ta omsyn til anten det gjeld ein enkel handlingsimprovisasjon eller ei meir komplisert dramatisering : a. Motivering, b. presentasjon av stoffet, c. planlegging av personar og scener, d. sjølve levandegjeringa (improvisasjonen, dramatiseringa) , e. samtale om det som vart gjort, og even- tuelt planlegging av repetisjon av scena eller av neste scene. a. Motivering. Læraren må først skape ei kjensle av tryggleik og tillit i klassen, og så kan han motivere elevane, slik at tankane deira blir pensa inn på hovudstemninga i den oppgåva ein vil gje. Det er svært mange måtar å vekkje interessa på — ved lyd, musikk, ulike former og fargar og rørsler, ved at læraren har med ting som kan vekkje bestemte assosiasjonar, eller ein kan rett og slett motivere gjennom enkel samtale. b. Presentasjon av stoffet. Ein bør gje oppgåva på ein slik måte at elevane blir interesserte i innhaldet. c. Planlegging. Ein samtalar om innhaldet og poenget i stoffet, og nyttar ut framlegg og idear til dramatisering frå elevane. Ein blir samde om kva for personar som skal vere med, kor mange akter ein skal ha, og kvar handlinga skal gå føre seg. I førstninga
Skann 308 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 306». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/308/