SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 305 skann 307

305 c. utvikle og å gjere tankane og kjenslelivet rikare hos elevane. d. stimulere elevane til å setje om sin skapande fantasi i praksis (t.d. ord, form og farge) . e. prøve åfå elevane til å kjenne seg tryg fe . i gruppa, slik at dei både kan gje sakleg vurdering av andre sitt arbeid og aksep- tere positivt formulert kritikk. f. øve opp konsentrasjonsevna og evna til å bruke sansane. 2. Frå enkle til meir samansette oppgåver. For å stimulere elevane til å bruke sansane, til å leggje merke til ting omkring seg og til å oppleve kontakt med omverda, kan ein ta dei med ut i naturen for å sjå, høyre, lukte på, smake på og ta på slikt som kan gje inspirasjon til skapande dramatikk, t.d. skjel, sniglehus, greiner, lauv, strå, ver og vind, lydinntrykk i naturen, ulike former, rytmar og kontrastar. Ein kan og ta utgangspunkt i vanlege ting innandørs og la slike ting gje inspirasjon til enkle dramatiske oppgåver. Ein bør heile tida nytte alle høve til naturleg integrering. a. Rytmar og rørsler i naturen, i byen og innandørs kan inspirere direkte til rørsle- forming. b. Former og fargar i naturen kan og verke som inspirasjonskjelde, c. Ulike former for lyd og musikk kan in- spirere til ei oppgåve i skapande dramatikk, på same måten som elevane kan bli inspirerte til å lage noko med lydar eller skape i musikk ut frå dramatiske opp- gaver. Ofte vil aktuelle situasjonar, idear og problem vere det naturlege utgangspunktet for dramatiseringa. Oppgåva til læraren er å inspirere elevane og setje prosessen i gang. Han kan godt vere med på dramatiseringa for å vise at han høyrer til gruppa og for å inspirere, men han bør ikkje vise føre slik at elevane kan komme til å kopiere. Læraren må stå bak og stadig passe på at det heile ikkje blir planlaus og formålslaus leik, men at dramatiseringa får meining for deltakarane. For at elevane skal få øving i konsentrasjon og fordjuping, og for at dei skal merke at oppgåvene har meining, bør ein mest mogeleg konsentrere seg om same emnet til det er ferdig utdjupa. Dersom ein hoppar for lettvint frå det eine til det andre, kan ein risikere å få overflatisk «spel» og utvendige reaksjonar hos elevane. Først når elevane er såpass motiverte at dei er i stand til identifisering og innleving, har oppgåvene pedagogisk verdi. Ein må da og 20. Monstrrplan. Nyn. prøve å gå i gang med dramatiseringa når interessa og engasjementet er sterkast hos elevane. 3. Framlegg til oppgåver med stigande vanskegrad. a. Enkel handlingsimprovisasjon med vekt på rørsle og karakterisering. Enkel handlingsimprovisasjon vil seie å uttrykkje ein idé gjennom enkel handling og utan hjelp av ord. Døme på oppgåver: vårreingjering, ein skitur, ein dag i sommarferien. I kvar av desse oppgåvene ligg det talrike høve til enkle improvisasjonar, t.d. i oppgåve nr. 3: Dersom du kunne velje det du aller helst ville gjere om det var sommarferie no, kva ville du velje da? Spele fotball eller annan balleik, kaste på stikka, bade, trakke i høyet, fiske, ro, leite etter skjel og steinar osv. Før elevane framsteller noko, gjev læraren dei tid til å kalle fram eit indre bilete av tidlegare opplevingar, noko dei har sett, kjent, høyrt, smaka, lukta i røynda eller i fantasien i samband med oppgåva. Di skarpare førestellinga kan bli, di klårare og meir truverdig blir utføringa av improvisasjonen. Det kan så bli grunnlaget for ein ny improvisasjon der skapande krefter blir sette i sving. I ei slik oppgåve kan ein t.d. først la alle få levandegjere sin idé samtidig, sidan i grupper, og etter at" ein har samtala litt om ideane, kan ein velje ein og sidan andre av dei ideane som har stor appell, og la alle få improvisere ut frå denne spesielle oppgåva, men med oppmuntring av individualitet, fantasi og innleving. Vanskegraden aukar når ein tek med karakterisering, ved t.d. å la elevane improvisere ei enkel handling i rolla som ein annan enn seg sjølv. b. Improvisasjon med vekt på kjensler. Arbeid med slike improvisasjonar kan delast i tre: a. øvingar som utviklar sansane. b. dramatisering av situasjonar som elevane sjølv har opplevd, og der ei spesiell sinnsstemning eller kjensle dominerer. c. dramatisering av situasjonar som ein annan har opplevd, og som og blir dominerte av ei spesiell sinnsstemning eller kjensle. c. Improvisasjon med vekt på forandring av kjensler, reaksjon på konflikt. I desse improvisasjonsoppgåvene ligg ei enkel form for drama. Ei oppgåve der ein har tre eller fire forandringar i kjensler, kan ofte bli til eit lite
Skann 307 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 305». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/307/