SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 307 skann 309

307 kan ein ta for seg ein person om gongen som alle elevane far levandegjere samtidig. Tre ting må elevane først ha eit klårt indre bilete av: Korleis trur du vedkommande ser ut? Korleis er rørslene hans? Korleis er kjenslene hans i den bestemte situasjonen? Kva er oppgåva hans i denne scena? Når elevane har fått levandegjere alle viktige personar i oppgåva, kan ein fordele roller, men rollene bør skifte frå gong til gong, og elevane bør mest mogeleg sjølv få velje roller. Ein bør vere open for framlegg om ekstra roller som elevane kjem med og har lyst til, dersom dei går inn som ein naturleg del av oppgåva. d. Sjølve levandegjeringa - improvisasjonen eller dramatiseringa. Læraren bør unngå å vise føre eller delta på ein slik måte at elevane kan komme i fare for å kopiere han. Men ein skal ikkje sjå bort frå at det kan vere ein fordel om læraren sjølv er med, for å vise at han er solidarisk med elevane og har same glede av leiken. Dessutan kan han på den måten, utan å bryte spelet, leie det over dødpunkt, eller redde det heile frå å gli ut. Dersom læraren går inn i ei rolle, kan han og - ved å vende seg i naturleg samanheng til eleven som treng støtte - gje oppmuntring og hjelp av større verdi enn om han står ved sida av og vurderer som lærar. e. Samtale om det som vart gjort. Dersom stemninga er god, kan elevane venje seg til å gje positivt formulert kritikk til andre og sjølv ta imot kritikk som hjelp til å gjere det betre neste gong. Når ei scene er spela igjennom så mange gonger at elevane er klar til å gå vidare, kan ein ta den neste på same måten, til alle scenene kan setjast saman til ei samanhangande dramatisering. Lys, lyd, kulisser, kostyme og rekvisitt trengst ikkje under arbeidet med skapande dramatikk, men kan brukast når det fell naturleg. Dokketeater. Dokketeater er først og fremst eit middel til å utvikle personlegdomen gjennom sosial trivsel og inspirasjon til skapande uttrykk. a. Arbeidsformer og oppgåver. Arbeid med dokketeater bør føre til gruppearbeid. Det gjeld både utarbeiding av utstyr og spel. Elevane bør få prøve seg på ulike arbeidsoppgåver. Oftast vil det bli tale om enkle monologar og dialogar, dramatisering av episodar og enkle handlingar. Det bør vere rikeleg plass til spontanitet og improvisasjon. For mange barn kan det ha mykje å seie at dei får «gøyme» seg bak dokkene. Det kan vere ei hjelp for dei i klassesituasjonen. For grupper av eldre elevar kan det vere ei morosam og sosialt utviklande oppgåve å lage dokker, scene, øve inn ei framsyning og spele ho for andre på og utanfor skolen. Oppgåver til leik og arbeid med dokketeater kan ein ta frå dagleglivet, frå heim og samfunn, frå arbeid i klasserommet, frå litteratur, musikk og bilete. Ein bør ikkje gløyme at dokker og spel med dokker har ei eiga evne til å fengsle barn, og gjev fantasien spelerom. Her bør det vere plass for eventyr og uvanlege hendingar. b. Utstyr. Utstyret kan godt vere enkelt, særleg på dei lågaste stega. Scena kan vere pult, kateter e.l. Dokker, hovud og drakt, formar ein av tilgjengeleg materiale. Utvalet av materiale bør vere så variert som mogeleg. Etter kvart som elevane blir eldre, vil dei kanskje få behov for å gjere seg meir føre når dei skal lage dokker og scene. Formingslæraren bør da kunne gje rettleiing og leggje vilkåra til rette for eksperimentering med ulike framgangsmåtar når ein skal forme hovud og drakter og tilpasse dei til handa. Arbeidet blir meir krevjande etter kvart som elevane ynskjer at personlegdomen til dokka skal komme til uttrykk i utsjånaden. Det vil og bli bruk for ei fast scene der laust utstyr kan skiftast ut etter behov. Å lage marionettar kan dg bli aktuelt for elevane på høgare klassesteg. Arbeid med marionettar og marionettspel krev at læraren har spesielle føresetnader for å kunne leie det. c. Spel. Elevane vil etter kvart oppdage at handa og røysta er dei viktigaste elementa i vanleg dokketeaterspel. Ein må da gje dei rettleiing og trening i spelestillingar og handrørsler og oppmuntre dei til eksperimentering. Likeins treng dei å trene og eksperimentere med korleis dei skal bruke røysta og forme lydar. Koordinering. Dramatisk verksemd og andre skapande aktivitetar. Dramatisk verksemd er ein naturleg møtestad mellom faga og høver godt til å fremme koordinert undervisning.
Skann 309 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 307». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/309/