SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 304 skann 306

304 Drama Undervisninga i drama skal ta sikte på: - å fremme personleg utvikling gjennom skapande verksemd, - å lære elevane å kjenne seg sjølv betre og styrkje kjensla av fellesskap og medansvar hos elevane, - å skape sunn og naturleg sjølvtillit hos elevane. STOFF - MILJØ Dramatisk verksemd kan omfatte : a. trening av kropp og røyst som eigne uttrykksmiddel og i relasjon til rytme, lyd, musikk, form og farge. b. skapande dramatikk, dokketeater og elevteater. c. lesing, vurdering og evt. framsyning av skodespel, kunnskap om dramaturgi, innføring i teaterhistorie og estetikk. d. oppleving og vurdering av profesjonelt dokketeater, barneteater, skoleteater, opera og ballett, og andre former for direkte kontakt med dramatisk kunst. e. oppleving og vurdering av film, radioog fjernsynsteater. Dramastoffet bør ha nær tilknyting til interesseområdet åt elevane. Det daglege livet er eit godt utgangspunkt, særleg dersom det blir utnytta slik at elevane får hug til å identifisere seg med andre enn seg sjølv. Prosatekstar og poesi kan ofte nyttast til dramatisk verksemd, og ein kan hente inspirasjon frå musikk og biletkunst ogfrå naturen. Ein kan følgje ein fast handlingsgang, eller ein kan velje ut nokre få element og fabulere seg fram til ei heilt ny historie. Ein kan t.d. gjere ein av bipersonane i ei soge til hovudfigur, eller ein kan prøve å sjå ei forteljing frå ein annan synsvinkel enn den vanlege. Kanskje kan ein gripe fatt i ein episode og prøve han i ein ny samanheng, kanskje setje noko kjent inn i eit framandt miljø, eller la noko ukjent dukke opp i eins eiga verd. På denne måten kan elevane få eit personleg forhold til opplevingsstoff og lærestoff; faggrensene blir borte, og overføringsverdien aukar. Stoffet blir meir røyndomsnært, og fordi ein mest arbeider med det i grupper, kjem heile aktiviteten til å bli ein levande sosial prosess. Det er viktig at læraren er klår over formålet med oppgåvene han gjev i skapande dramatikk, både på det personlege og på det reint faglege planet. Skapande dramatikk kan brukast som motivering for eit nytt emne, som fordjuping og utviding av stoffet i lærebøkene og som repetisjon av kjent stoff. Dersom dramatiseringa skal kunne bli skapande, må stoffet som elevane arbeider med, gje høve til identifisering og engasjement. Skolefaga gjev tallause slike høve på alle klassesteg. Lesehefte, lærebøker og tilleggslitteratur, t.d. i norsk, kristendomskunnskap og samfunnsfag, er fulle av stoff som kan inspirere elevane til fordjuping og til å gje personlege, ekte uttrykk for oppleving av stoffet gjennom dramatisering. Læraren må vurdere kva for stoff som vil vere til størst vinning for elevane, personleg og fagleg. Elevane får gjerne eit djupare og friare forhold til stoff dei har vore med på å dramatisere. Dramatisk verksemd kan styrkje interessa for god litteratur. Elevane bør gå til ei dramatiseringsoppgåve med lyst og glede. Ingen elev bør vere med på ei oppgåve han ikkje er mogen for, eller som han har direkte uvilje mot. Eit vilkår for dramatisk verksemd er at samarbeidet mellom elevar og lærar er nært og tillitsfullt. Gruppearbeidet fører med seg ei desentralisering av læringa. Elevane tek del i leiinga av arbeidet og er med og fordeler oppgåvene etter føresetnader og behov. Læraren blir meir rådgjevar og koordinator. Verdien av arbeidet blir ikkje først og fremst målt etter eit ferdig produkt, men ut frå sjølve prosessen, etter det kvar einskild har fått oppleve og utvikle under arbeidet med stoffet. ARBEIDSOPPGAVER 1. Generelle omsyn ved oppgåve- gjeving. På alle klassesteg i grunnskolen bør læraren la elevane få høve til å gje uttrykk for tankar, kjensler og opplevingar i skapande dramatikk, dvs. med rørsle, lyd, musikk, ord, form og farge. Formålet med skapande dramatikk for elevar i skolen kan setjast opp i seks punkt: a. prøve å hjelpe til med ei allsidig personlegdomsutvikling hos kvar einskild elev. b. skape vilkår for gruppesamarbeid.
Skann 306 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 304». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/306/