SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 27 skann 29

27 Så allsidig og samansett som oppgåva til skolen er, må det bli tale om ei viss breidd i kriteria for stoffutvalet. Utover dei generelle intensjonar som ein finn i lov, planar og reglement, skal vi her peike på visse kriterium som må tilleggjast vekt når stoffet skal veljast. Kriteria for val av stoff. Når ein skal ta vare på og føre vidare kulturarven - «den sum av røynsle og innsikt som gjennom tidene er lagd ned i tru, sed og skikk, kunst og dikting, vitskap og teknikk og institusjonar» (Folkeskolekomitéen av 1963, Innstilling side 113) - må ein gje høg prioritet til stoffelement som er grunnleggjande og «uforanderlege». Vekt på sentralt og grunnleggjande stoff. Stoff av meir tilfeldig og flyktig art, aktualitetar som ein vanskeleg kan vurdere verdien av på lengre sikt, krev også sin plass i undervisninga, men må ikkje føre til at viktige sider ved den grunnleggjande kulturorienteringa blir forsømde eller skuva til side. Tilfeldige emne vil elles ofte forsvare sin plass i undervisninga nettopp fordi dei kan kaste lys over sentralt stoff, eller fordi dei kan takast opp til vurdering ut frå grunnleggjande innsikt og røynsle. Vidare er det nødvendig å ta omsyn til at vi i dag lever i ei verd der sambandet mellom nasjonane stadig blir utbygd, der statane blir meir og meir avhengige av kvarandre, og der statane må samarbeide og yte kvarandre hjelp. Det vil seie at ein må sjå kulturarven i eit meir globalt perspektiv enn det har vore vanleg før. Dette må i sin tur få innverknad på stoffvalet. Kulturarven i globalt perspektiv. Eit anna viktig grunnlag for stoffvalet er det allmenndannande synspunktet. Grunnskolen har ikkje til oppgåve å drive spesialisering eller spesialtrening. Stoffet ein vel, må gå inn som ledd i den allmennorientering som skal gje elevane eit grunnlag for seinare yrkesutdanning ; det skal vere eit fundament for livet i heim og samfunn, på arbeidsplassen og i fritida. Allmenndanning. Lærestoff ut frå nytteomsyn. Ein kan dg velje lærestoff ut frå allmenne nytteomsyn, slik at ein vel det som alle eller dei fleste får bruk for utan å sikte mot eit bestemt yrke eller ei bestemt yrkesgruppe. (Det stoffet som elevane får arbeide med, skal og gje rik og allsidig næring til personleg vokster og utvikling. Det skal stimulere til utfalding av ulike evner og interesser. Ein må derfor unngå å velje stoff slik at det favoriserer visse sider av personlegdomsutviklinga på kostnad av Personlegdomsutvikling. andre. Ein bør på den andre sida ikkje prøve å fare over så mykje stoff som mogeleg for å vere allsidig. Ein må finne fram til ei rimeleg avgrensing av stoffmengda, og ein må prioritere stoff som er sentralt og vesentleg i kvart fag. Grunnleggjande verdiar Av førearbeida til grunnskolen går det fram at skolen må byggje på visse grunnverdiar, og at desse verdiane omfattar kristen tru og moral, dei demokratiske idéane og vitskapleg tenkjemåte og metode. Slike grunnverdiar må naturleg nok vere eit kriterium når ein skal velje stoff. Skolen må gjennom lærestoffet gjere elevane kjende med desse verdiane og gjere sitt til å gje dei praktisk meining. Skolen har eit medansvar for at grunnleggjande verdiar i vår kulturtradisjon vert førte vidare til nye generasjonar. Utvikling av kritisk vurderingsevne. Stoff som stiller seg kritisk til eller står i strid med grunnverdiane, har rett nok også sin plass i skolen, særleg med tanke på å utvikle evna til kritisk vurdering. Ikkje minst i ymse massemedia og i litteraturen møter elevane mykje stoff som må seiast å høyre til denne kategorien, og som kan gje godt høve til nyttig refleksjon. Men det må understrekast at
Skann 29 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 27». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/29/