SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 296 skann 298

296 3. Førstehjelp. Antiseptiske stoff. Antibiotika. Sår. Framandlekamar. Infiserte sår. Blødingar, utvendige og innvendige. Forstuvingar. Leddforvriding. Skjener. Sjokk. Hovudskadar og andletsskadar (i fleirtal ved trafikkulykker) . Hjerneristing. Etsande væsker. Ulykker med elektrisk straum. Medvitsløyse, årsaker, vanlege reglar. Insulinsjokk. Fallesjuke. 4. Transport av skadde. Transportmiddel. Lyfting. Bering. Stabilt sideleie. ARBEIDSMÅTAR I regelen kan undervisninga byggje på aktuelle hendingar som blir omtala i massemedia. Massemedia kan også nyttast til motivering og til å skape holdningar. Læraren kan nytte film på same måten. Men lærarane bør vere merksam på at visse ulykker som i samfunnsmålestokk høyrer til dei mest vanlege, blir etter måten lite omtala i massemedia. Det gjeld t.d. heimeulykkene. Dette kan blant anna føre til at ein har lett for å oversjå farane på desse områda. Mykje av lærestoffet i førstehjelp høver godt til individuelt arbeid og arbeid i grupper. Det gjeld både kunnskapsstoff og praktisk øving. Forutan at det til demonstrasjon og øving trengst ein elev som er «skadd», er det ofte naturleg at fleire elevar er saman om å hjelpe han. Likeins kan fleire elevar lettare finne fram turvande informasjon enn ein elev. I undervisninga skal ein leggje vekt på å opplyse om farar, men undervisninga må ikkje skremme elevane og gjere dei redde. Roleg oppførsel er eit vilkår for at ein skal kunne yte effektiv hjelp. Ikkje minst gjeld dette når ein skal berge seg sjølv ut av ein farleg situasjon. LÆREMIDDEL/UTSTYR Til undervisninga i førstehjelp trengst læremiddel som medikament, bandasjar, nåler, skjener, tau og utstyr så ein kan lage skikjelke og båre (også provisorium), dokke til demonstrasjon av og øving i oppliving. Til førstehjelp på skolen trengst medisinskap (skolekjøken, formingsrom, naturfagrom, kontor), divan (til sjuk eller skadd, helst i eige rom), førstehjelpsplakat (ved medisinskap, på lærarrom. Jfr. plakat av 1964 frå Sivilforsvaret, utarbeidd i samarbeid med Industrivernet), førstehjelpsutstyr på tur. Skoleleiinga bør i samarbeid med skolelege/helsesyster arbeide ut rutinar i tilfelle skadar : Vende seg til (alternativ) ? Staden ein vender seg til, kan vere avhengig av kva slag skade og kor stor skaden er. Transport. Varsling til pårørande.
Skann 298 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 296». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/298/