SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 297 skann 299

297 Tannvern Med undervisning i tannvern i grunnskolen tek ein sikte på å betre tannhelsa til elevane. Ein må leggje vinn på: å motivere elevane for rett og regelfast reinhald av tennene, - å la elevane få kjennskap til den skadelege verknaden av sukker på tennene, - å utvikle rette kostvanar hos elevane, - å gje kunnskap om bygnaden og funk sjonen til tennene, - å gjere elevane kjende med dei viktigaste førebyggjande tiltak og sosiale ordningar, - å få elevane til å forstå kor viktig det er med stadig ettersyn av tennene. LÆRESTOFF OG ARBEIDSMÅTAR På barnesteget har lærestoffet nær tilknyting til heimstadlære, naturfag og orienterings- faget. På ungdomssteget vil det vere naturleg å la undervisninga om tannvern gå inn under naturfag og samfunnsfag. Timar i heimkunnskap må og kunne brukast til slik undervisning. I dei første åra i grunnskolen bør ein leggje vekt på å motivere elevane for gode vanar når det gjeld røkt og reinhald av tennene. Opplæringa bør i første rekkje skje når det er aktuelt, t.d. i samband med fluorbehandling eller besøk hos tannlegen. Tannfellinga er og eit godt utgangspunkt for undervisning. Ein kan gjere stoffet meir levande for elevane ved enkle forsøk som kastar lys over ulike sider av tannrøktproblemet : 1 . La elevane bite i voks for å illustrere skilnaden på tyggje- og bite-tenner. 2. La elevane pusse tennene godt, og etterpå farge eventuelt restbelegg med fargetablett. (Diaplac, som ein får på apotek) . 3. Undersøkje uttrekte tenner. 4. Samle på dyretenner av ymse slag, og samanlikne med mennesketenner. 5. Dekkje to uttrekte tenner med voks eller naglelakk, med unntak av eit feilfritt felt på 3-4 mm. Leggje den eine i spytt med sukker, den andre i spytt utan sukker, og la dei stå i 37° i ei veke. Skrape av voksen (naglelakken) og sjå på dei. 6. Dekkje nokre tenner med voks som nemnt ovanfor og leggje dei i ulike oppløysning- ar, t.d. ei i cola, ei i mjølk, ei i appelsinsaft. Kontrollere ei tann som ligg i reint spytt. La dei stå ei veke i 37°, og sjå på verknaden. 7. Studere røntgenbilete av tenner, særleg blandingstannsettet (6-9 år) er interessant. Spesielt for ungdomsskolen : 1. Dyrke bakteriar frå spytt på buljonggelé, tilsett ein sukkerbit. Som kontroll: tilsvarande forsøk utan sukker. 2. Prøve kor surt spyttet er på indikator- papir. 3. Påvise at det har laga seg syre i tannbelegg etter sukkerinntak - med indikatorfarge. Ved sida av slike spesielle forsøk bør ein i undervisninga nytte dei vanleg tilgjengelege hjelpemidla: film, dias, filmband, sløyfer, fjernsynsprogram og trykksaker. Sjå elles planen for ernæringsundervisning. RETTLEIANDE ARBEIDSPLANAR 1.-3. klassesteget A. Reinhald av tennene. Instruksjon om tannbørsting. Rett tannbørste, bruk av tanntråd. B. Mjølke ten ner /perm anen te tenner. Tannfelling. Kjennskap til dei permanente tennene. Kva seksårsjekslane har å seie. C. Kostvanar. Rett og feil kosthald for tennene. Eting mellom måltida. Skadeleg/uskadeleg knask. 4.-6. klassesteget A. Bygnaden av tennene. Krone, rot, emalje, tannbein osv. B. Funksjonen til tennene. Bite og tyggje. C. Formålet med tannreingjeringa. Fjerne bakteriebelegg.
Skann 299 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 297». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/299/