SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 295 skann 297

295 Førstehjelp Mange menneske kjem kvart år ut for ulykker i heimen og på arbeidsstaden, i trafikken, på fjellet, på sjøen^ når dei driv med idrett osv. Undervisninga i førstehjelp tek sikte på å opplyse om årsakene til ulykker, og korleis ein kan hjelpe til å minske skadeverknadene av ulykkene. Ein siktar like mykje mot å utvikle holdningar hos elevane som mot at dei skal skaffe seg kunnskap og dugleik. Holdningar blir utvikla ved at elevane får kjennskap til skadeverknader på menneske og dyr og på materielle verdiar (t.d. ved trafikk- og arbeidsulykker, ved brann og forgifting), og ved å få vite kva ein skal gjere for å hindre at det skjer ulykker. Kunnskap og dugleik er naudsynt både for å vite om fare, bu seg på å møte ein eventuell fare og for å kunne te seg rett når ulykka er ute. Undervisninga byggjer på faget kroppsøving og orienteringsfag/heimstadlære, samfunnsfag, anatomi og fysiologi. Førstehjelpsopplæringa blir lagd til desse faga, og emne om førstehjelp er tekne med i planane for faga. Denne planen gjev ei oversikt over stoffet ein skal gjennomgå. Planen skal sikre at emnet blir teke opp i si fulle breidd og lette samarbeidet mellom faglærarane. Han tek med fleire emne enn ein finn i fagplanane. LÆRESTOFF Korleis skal ein unngå ulykker: Informasjon om vanlege ulykker i samfunnet vårt og årsakene til ulykkene. Korleis ein kan hindre ulykker ved at ein er aktsam og framsynt. Når ulykka er ute : Oppførsel på skadestaden. Førstehjelp. Transport av skadde. Emna bør takast opp i fleire samanhengar: Heim. Leik/idrett. Skole/arbeid. Trafikk. Fjell. Sjø/vatn/elv/is/brunn. Emna kan spesifiserast og fordelast slik på klassestega : RETTLEIANDE ARBEIDSPLANAR 1.-3. klassesteget Årsaker til brann. Kva ein skal gjere når det blir brann. Sjøvett. Badevett. Varsling av brann og andre faresituasjonar. Enkle reglar for førstehjelp. Kort om innblåsingsmetoden. 4.-6. klassesteget 1. Årsaker til ulykker. Årsaker til vanlege heimeulykker og ulykker under leik og idrett og på skolen. Årsaker til drukningsulykker, trafikkulykker og ulykker på fjellet. 2. Førebuing med tanke på at ulykker kan hende. Utstyr på sjøen (redningsvest), på tur (førstehjelpsutstyr, ekstraproviant, ekstra klede), i heimen og på skolen (førstehjelpsutstyr, sikringstiltak, sløkkings- og redningsutstyr). 3. Førstehjelp. Vanlege førstehjelpsprinsipp. Reinsemd. Sår. Brot. Bandasjar. Forbrenning. Frostskadar. Berging av druknande. Oppliving. Innblåsingsmetoden. Medvitsløyse. Forgiftingar. Framandlekamar i halsen, øyra eller nasen. 7.-9. klassesteget 1. Emna frå 4.-6. klassesteget blir repeterte og utdjupa. Ulykkesstatistikk. Årsaker til ulykker på arbeidsplassen og på skolen. Følgje reglar, bruksrettleiingar for giftstoff, maskinar osv. Utstyr i trafikken (varseltrekant, førstehjelpsutstyr) . 2. Oppførsel på skadestaden. Hjelp. Oppførsel overfor den skadde. Førebyggje meir skade/ulykke.
Skann 297 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 295». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/297/