SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 294 skann 296

294 - mjølk, egg, dyr som gjev oss kjøt, ymse slag fisk. Så langt det er råd, må tinga studerast slik dei verkeleg er. Elles bruker ein flanellbilete, filmar og biletband. Tilknyting til anna arbeidsstoff om jorddyrking, husdyrstell, fiske. Praktisk arbeidsstoff: Matemne som er bruksferdige frå naturen: - mjølk, - ymse slag bær og frukt, som eple, pærer og tomatar; bladgrønsaker, som salat, persille, karse, graslauk. - Korleis ein vaskar dei. Matemne som ein treng arbeide lite med før ein kan ete dei : - banan, appelsin, nøtter, neper, reddik, gulrot, kålrot. - Ein lærer å skrelle dei. Matemne som treng enkel varmehandsaming - koking : - egg, potet. - Ein lærer koking og skrelling. Tillaga matemne som ein kjøper bruksferdige : - brød, knekkebrød, flatbrød, kavringar, corn flakes, - smør, ost, påleggsvarer som leverpostei, pølse, kaviar og sardinar. Ein må leggje særleg vekt på det som kan dragast inn som supplement til skolemåltidet og som alternativ til slikkeria: frukt, bær og nøtter, grønsaker og røter, ting som kan konkurrere i smak og pris og vere like lett tilgjengelege. 4.-6. klassesteget Stoffet har tilknyting til naturfag, helselære, samfunnsfag og orienteringsfaget. Teoretisk lærestoff: Ein lærer namna på dei ulike næringsstoffa, og matvarene som ein alt kjenner av utsjånad og namn, blir no grundigare gjennomgått bl. a. ved hjelp av nærings- middeltabellar og varedeklarasjonar på etikettar og emballasje. - Matmelting, oppsuging, transport av næringsstoffa og korleis dei blir brukte i organismen. - Maten som sosial kulturfaktor. Vurdering av mattradisjonar til kvardags, høgtid og fest. Praktisk lærestoff: - Varene på marknaden: emballasje, varemerke, vareassortiment. Heil- og halvfabrikat med varedeklarasjonar, bruksrettleiingar og prisar. - Matvarer som treng meir samansett tillaging før ein kan ete dei ; mjøl, gryn, kjøt og fisk blir laga til svært enkle retter. - Enkel borddekking. - I tilknyting til edruskapsundervisninga : presentasjon av nye, alkoholfrie drikker som fruktbowls, milk-shakes 0.1. 7.-9. klassesteget Teoretisk lærestoff: - Det normale næringsbehovet hos mennesket etter alder og aktivitet. Spesialbehov for gravide og sjuke. - Kost- og helseproblem i dagens samfunn. - Næringsverdien av dei ulike matvarene i forhold til våre behov. - Planlegging av næringsrett måltid - for einskildpersonar - 7. klasse, for familiar med differensierte behov- 8.-9.- 10. klasse. - Vurdering av næringsverdien i menyar og standardretter i vanlege kaféar og kantiner. Praktisk lærestoff: — Systematisk matlagingslære ut frå grunnoppskrifter. - Seriematlaging. — Lagring av mat i uferdig og tillaga form. — Meir omfattande borddekking og servering.
Skann 296 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 294». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/296/