SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 293 skann 295

293 Ernæringslære Ernæringsundervisninga i grunnskolen skal ta sikte på: å gjere elevane kostmed vitne, å skape ei positiv innstilling til rette kostog etevanar, å gje kunnskap om næringsverdien i matvarene og kva dei har å seie for helsa. Behov for orientering om ernæringsspørsmål. Det er mange grunnar til at ein må leggje spesiell vekt på ernæringsundervisning i skolen vår. Vi står i dag overfor ei rekkje helseproblem som har si årsak i uheldig kost og dårlege matvanar. Opplysning om kva kosten har å seie for vokster, helse og trivsel er derfor meir naudsynt enn nokosinne. Ein må rette søkjelyset mot næringsverdien og tillaginga av matvarene. Oppgåva til skolen. Kostvanane er sterkt knytte til personleg smak og til kjensler og innstillingar som blir grunnlagde i dei første leveåra. Skal skolen kunne hjelpe elevane til gode kostvanar, må undervisninga ta til straks barna kjem på skolen, og følgje kontinuerleg med gjennom heile skoletida. Barn er til vanleg avhengige av kostval og vanar hos foreldra. Det kan derfor vere nyttig å ha kontakt med heimane om spørsmål som heng saman med ernæringsundervisninga i skolen. Der forholda ligg til rette for det, vil det vere naturleg å samarbeide med lege, tannlege, helsesyster og andre sakkunnige. LÆRESTOFF OG ARBEIDSMÅTAR Lærestoffet må knytast til naturlege situasjonar i dagleglivet i heim og skole. Skolematen elevane har med seg t.d., er eit godt utgangspunkt for undervisninga. Gjennom alt liv og arbeid på skolen må elevane lære å forstå at mennesket høyrer saman med og er avhengig av naturen. Med rett kosthald og andre gode levereglar kan elevane sjølv byggje opp helsa og verne om den. Undervisningsopplegg i ernæringsundervisning kan naturleg knytast til heimstadlære, orienteringsfag, naturfag og heimkunnskap. I nokon mon kan også kroppsøvingsfaget komme til nytte. Ein nyttar ut alle høve til å observere ernærings og vekstparallellar i levande natur, t.d. i samband med naturfag: plante- og spiringsforsøk, dyrking av etande smågrønt i vindaugskarmen, arbeid i skolehagen med dyrking av bær og grønsaker som kan nyttast i undervisninga. HJELPEMIDDEL Skolen må ha nok formålstenleg utstyr til praktisk trening, både i aktivitetsromma i barneskolen og i skolekjøkkenet på ungdomsskolen. Til den teoretiske delen av undervisninga trengst det: - næringsmiddeltabellar, høgde/vekt-tabellar, matvareanalysar og tilrådde normer for tilføring av næringsstoff, - lærebøker, handbøker for lærarar og elev ar, sjølvinstruerande materiell og arbeidshefte, - flanellbiletseriar, filmar, biletband, plans jar, - utstyr til eigenproduksjon av plansjar, tabellar, flanellbilete, — vareprøvesamlingar med døme på vareassortiment, etikettar med varedeklarasjon om kvalitet og stoffinnhald, bruksrettleiing osv. RETTLEIANDE ARBEIDSPLANAR Emna og aktivitetane i ernæringsundervisninga har tilknyting til undervisningsopplegg i heimstadlære, orienteringsfag, naturfag, kroppsøving og heimkunnskap. 1.-3. klassesteget Teoretisk arbeidsstoff: Oppbygging av gode kost- og etevanar. Med utgangspunkt i skolemåltidet - mat og mjølk eleven har med - legg ein særleg vekt på: grovt brød, kor viktig det er med mjølk for vokster og tannhelse, friske plantematvarer, døme på ymse nistepålegg som - gjev allsidig tilskot av ulike næringsstoff, - er sukkerfattige. Tilknyting til arbeidsstoff om helse og hygiene : - handvask og tannpuss. Bli kjend med utsjånad og namn på dei ulike matemne frå plante- og dyreriket : - frukt og bær, - grønsaker, røter og poteter, — korn,
Skann 295 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 293». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/295/