SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 292 skann 294

292 samvirkerørsla. Utdanning som forbrukargode: Investering på lang sikt, planlagd utsetjing av forbruk av varer/tenester (sparing). Moderne hushald: varekunnskap om mat, klede, utstyr. Vurdering av behov, kvalitet og pris. Varemerking. Bruksrettleiing. Vurdere bruk av heil- og halvfabrikat i forhold til tradisjonell matlaging når det gjeld pris, tid og tillaging. Vurdering av tekniske hjelperåder i hushaldet i relasjon til tid og pengar. Samferdsel. Reiser/ turisme. Kjøpslova. Lover om avbetaling, varemerking, angrefrist, kontroll med marknadsføring m.m. Låne- og betalingsformer. Kontraktar. Ureinings- og forsøplingsproblem. Vurdering av vaskemiddel, sprøytestoff, kjemiske krydder, næringsmiddelkosmetika m.m. Emballasje: glas, plast, papp, boksar, papir, kva er mest formålstenleg og lett å destruere. LÆREMIDDEL Forutan læremiddel og utstyr som finst for dei faga som det er naturleg å knyte opplæringa til, trengst det spesielle hjelpemiddel til denne undervisninga. Det vil elles vere naturleg å utnytte materiell som er utarbeidd av Forbrukarrådet. Det finst mange aktuelle og nyttige hjelperåder for undervisning i forbrukarlære (biletband, film, publikasjonar, emnehefte, oppslagsbøker 0.a.). UNDERVISNING OM FORBRUKARSPØRSMÅL SOM VALEMNE Med økonomi og forbrukarlære som valemne i ungdomsskolen tek ein sikte på å la elevane fordjupe seg i lærestoff som er obligatorisk emne i grunnskolen. Sjå kapitlet om valfag og valemne.
Skann 294 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 292». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/294/