SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 291 skann 293

291 Forbrukarlære Med forbrukarlære i grunnskolen vil ein utvikle ei vaken og vurderande innstilling til forbrukarspørsmål ut frå dei ynske og behov elevane har, men og ut frå felles samfunnsinteresse og i samsvar med dei midlar som står til rådvelde. I vidaste meining er formålet med undervisninga å lære elevane ei medviten innstilling til problem i samband med forbruk og forvaltning av ressursane. Det er elles viktig at elevane lærer å forstå den innverknad som vi alle har på miljøet, både i lokal og global samanheng. Undervisninga skal så langt det er råd hjelpe til å gjere elevane merksame på dei alternativ ein har å velje mellom når det gjeld forbruksvarer. LÆRESTOFF Emneområda har også tilknyting til dei fleste andre skolefaga og kan gå inn som ein naturleg del av aktuelle undervisningsopplegg på alle alderssteg, tilpassa dei situasjonar som barn og ungdom til kvar tid er i. Ved å understreke at det er viktig med eit fornuftig personleg forbruksval, kan forbrukarlære føre til større forståing for verdien av dei nære ting og det nære miljøet. Undervisning i økonomisk bruk av tid og pengar må få brei plass, og bør knytast til forbrukarlære. Vidare bør ein orientere elevane om spørsmål som gjeld kost og ernæring, bustad og utstyr, klede, skor og anna forbruk. På barnesteget er det naturleg å knyte undervisninga til elevane sitt eige røynsleområde, med utgangspunkt i aktuelle problem og situasjonar. Dette gjeld også undervisninga i ungdomsskolen. På ungdomssteget legg ein elles vekt på å gjere elevane kjende med samanhengen mellom personleg forbruk og samfunnsøkonomien både nasjonalt og globalt. Konsumentundervisninga kan konsentrerast om følgjande hovudemne: 1. Den rolle og det ansvar forbrukaren har i eit moderne samfunn. Einskildmennesket og familien i forbrukarsamfunnet. Forståing av forbrukarspørsmål andre stader - i eige og andre land. Produksjon, distribusjon, reklame, handel og forbruk. Samvirketiltak. Samanhengen mellom forbrukarvanar i vårt land og helse- og økonomispørsmål heime og ute. 2. Dei rettar og plikter forbrukaren har ved kjøp av varer og tenester. Vurdering av behov. Kvalitet, pris, brukseigenskapar, design m.m. Økonomi i dagleglivet (tid og pengar). Budsjett og rekneskap. Sparing: planlagt utsett forbruk. Lover og føresegner. Låne- og betalingsformer. Sosiale tenester. Kulturelle gode. Offentlege tenester. 3. Miljøproblem. Forbruk av natur, luft og vatn. Tilsetjingsstoff. Kjemiske vernestoff (sprøytemiddel mot insekt m.m.). Avfallsproblem . RETTLEIANDE ARBEIDSPLANAR 1.-6. klassesteget Gjere innkjøp. Varekunnskap. Betaling og veksling. Vurdering og val ved kjøp av gåver (jul, fødselsdag o.l.). Leiker, klede, skor, sportsutstyr, skolesaker. Ta vare på tinga. Brukseigenskapar, pris og kvalitet. Reklame. Varemerking. Lese bruksrettleiingar. Heilog halvfabrikat. Personleg utstyr: mote, pris, kvalitet, nytte, vedlikehald. Lommepengar. Enkelt budsjett. Sparing. Frå råstoff til ferdig vare: produksjon, distribusjon, handel og forbruk. Ymse typar og former for emballasje. Brukt emballasje som ureiningsproblem. Varer frå fjerne land. Import og eksport. Handelsavtalar mellom landa. Bruk av offentlege tenester: bank, telefon, telegraf, post m.m. Bruk av kollektive transportmiddel: buss, tog, trikk, fly, skip. 7.-9. klassesteget Personleg budsjett og rekneskap. Sparing. Familieøkonomi - samfunnsøkonomi. Samvirketiltak: byggjelag, felleskjøp, samvirkelag,
Skann 293 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 291». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/293/