SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 289 skann 291

289 Familiekunnskap Undervisninga i familiekunnskap har som mål: å fremme ei positiv holdning til familieliv og medmenneske, å få elevane til å forstå kva familien har å seie for den einskilde og for samfunnet, - å hjelpe elevane til å tilpasse seg sin eigen familiesituasjon, - å gje elevane grunnlag for å leggje til rette livet som ungdom og vaksen, — å fremme jamstelling mellom kjønna i familie og samfunn. - å fremme likeverd når det gjeld sivilstand. LÆRESTOFFET Lærestoffet har tilknyting til ei rekkje obligatoriske fag: kristendomskunnskap, orienteringsfag, forming o.a. Stoffet blir også behandla i fleire obligatoriske emne : forplantninga, forbrukarlære, og dessutan i heimkunnskap, økonomi og forbrukarlære som valfag. Det lærestoffet som ein tek opp i familiekunnskap, må vere i pakt med formålsparagrafen for skolen. I kapitlet om oppgåva til grunnskolen blir det bl. a. understreka at skolen skal leggje vekt på å fa elevane til å forstå den etiske, personlege og praktiske utfordring i heim og familieliv. Med utgangspunkt i den kunnskap elevane far på skolen om heim og familieliv, må dei bli i stand til å sjå kva heimen byr av vilkår og plikter for sjølvutfalding og sosialt ansvar. Elevane må bli klår over dei verdiane som ligg i fellesskapet mellom familiemedlemmene, og ansvaret som spring ut av eit gjensidig samarbeid mellom dei. I denne samanhengen er det viktig med ei fordomsfri vurdering av kjønnsroller og oppgåver. I kapitlet om jamstelling er det sagt at skolen skal fremme jamstelling mellom kjønna. Lærestoffet i familiekunnskap må derfor ta sikte på ei likeverdig ansvars- og arbeidsdeling mellom kjønna slik at ein utan omsyn til kjønn tek del i løysinga av oppgåver i heim, familie, arbeids- og samfunnsliv som likestilte. I undervisninga i familiekunnskap bør spørsmålet om normer for åtferd fa brei plass. Dette kan gjelde vurdering av aktuelle 19. Mønsterplan. \vn spørsmål i samband med skikk og bruk, takt og tone og forholdet til personar, ting og situasjonar i dagens samfunn. Ei viktig side ved undervisninga i familiekunnskap er det å fa elevane til å forstå kor viktig det er med forpliktande samhald mellom menneske som må leve saman eller som får mykje med kvarandre å gjere på annan måte slik, som medlemmene i ein familie. Praktisk rettleiing i prevensjon høyrer ikkje med til lærestoffet i grunnskolen. Elevane skal likevel gjerast kjende med at i spesielle tilfelle kan einskilde elevar få rettleiing i bruk av ymse typar preventive middel, og da av medisinsk sakkunnige i samråd med dei føresette. Emneplanen for familiekunnskap tek opp stoff frå desse områda: a. Ulike familietypar. Familien i vårt samfunn og i andre sam- funn. b. Kva funksjonar familien har. Ymse sider av familiefunksjonen: biolo- Giske, oppfostrande, emosjonelle, sosiale og økonomiske. c. Familielivet og den einskilde. Korleis ein familie funksjonerer i dag. Einskildindividet i høve til eit fellesskap. Forholdet mellom kjønna i barne-, ungdoms og vaksenalder - etisk, emosjo- nelt, seksuelt, sosialt og økonomisk. Korleis barnet veks og utviklar seg i familien. Dei vilkår og det ansvar familiemedlemmene har for å skape eit godt fami- lieliv og eit tilfredsstillande bumiljø. Overgangen frå livet som barn og ung- dom i foreldrefamilien til å stå på eigne bein. RETTLEIANDE ARBEIDSPLANAR 1.-3. klassesteget Familien og heimen. Barnet i familien. Samarbeid og samvære. Omsorg for andre. Familien i gamle dagar. Bustaden som ramme om familien.
Skann 291 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 289». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/291/