SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 288 skann 290

288 Klasseråd. Oppseding til demokratisk funksjonsdugleik må byrje i klasserommet. Men ein må tydeleg skilje mellom uformell drøfting av ei sak i klassen og eit møte i klasserådet. Klasserådsmøta skal følgje visse formelle reglar. Møta bør vere kunngjorde på førehand, det bør vere ei sakliste, møta skal leiast av ein vald formann, og det skal førast protokoll frå møta. Elevane bør sjølv få utforme lover og reglar for klasserådsarbeidet. Ein må vere klår over at det kan gå lang tid før det einskilde klasserådet fungerer tilfredsstillande. Elevråd. På barnesteget vil det ofte vere klokt å vente med elevrådsarbeid til ein har drive med klasserådsarbeid ei tid. Elevrådsarbeidet på barnesteget er heilt avhengig av hjelp frå ein lærar. Dersom elevrådet skal fungere tilfredsstillande, må alle elevane ved skolen bli kjende med arbeidet som blir gjort. Kommunikasjonen mellom elevrådet og dei einskilde klassane er derfor særs viktig. Dei sakene elevrådet skal ta seg av, bør vere drøfta i klasseråda på førehand. Når alle klassane ved skolen har drøfta elevrådssakene, må ein rekne med at interessa for elevrådet sitt arbeid vil auke. 7.-9. klassesteget Framlegg til arbeidsplan: Politisk demokrati. Idégrunnlaget for demokratiet. Direkte og indirekte demokrati. Røysterett, nominasjon, val. Økonomisk demokrati. Velferdsstatar, sosialistiske statar. Demokrati på arbeidsplassen. Grunnskolen. 21. Opplæringsplikt. Obligatoriske fag, valfag. b. Lov, reglement, mønsterplan, ordensreglar. c. Skolestyrar, lærarar, andre tilsette, foreldre, elevar. Lærarråd, foreldreråd, råd for andre til- sette, elevråd, samarbeidsutval. Skolestyre, skolesjef, skoleinspektør. Skoledirektør, departement. Grunnskolerådet. Allmenn organisasjonskunnskap . Styret, formannen, varaformannen, kasserar, sekretær, styremedlemmene, revisorar. Innkalling, sakliste, møtebok, kassebok. Møte- og taleteknikk, møteleiing. Personval, votering. Klasseråd. Grunneininga i elevdemokratiet må vere klasserådet. Gjennom klasserådsarbeidet skal elevane lære korleis folkestyret verkar i praksis. Det er i klasserådet elevane skal praktisere det dei har lært om organisasjonsarbeid og møteteknikk. Ein må framleis skilje mellom uformell drøfting av ei sak i klasserommet og eit møte i klasserådet. Ein må etter kvart setje større krav til elevane når det gjeld det formelle. Klasserådet bør uttale seg om alle saker som skal drøftast i elevrådet. I viktige saker bør tillitsmannen for klassen i elevrådet vere bunden av dei vedtaka klasserådet har gjort. På denne måten far ein visse for at elevrådet sitt vedtak er elevane sitt vedtak. I klasserådet kan elevane ta opp saker som gjeld ytre forhold og meir interne forhold. Men dei må vere klåre over at med auka innverknad og makt følgjer auka ansvar. Elevråd. På ungdomssteget skal det vere elevråd ved kvar skole. Klasserådet har til oppgåve å vere talerøyr for elevane i den einskilde klassen, men elevrådet skal samordne og arbeide for å setje i verk avgjerder elevane har vore med på å ta i klasseråd. Det bør vere ei vesentleg oppgåve for tillitsmennene at dei held klassane sine informerte om arbeidet i elevrådet. Også på ungdomssteget vil elevrådet trenge hjelp og rettleiing frå ein lærar. Elevrådssakene må vere skikkeleg førebudde. Møta bør bli kunngjorde i god tid på førehand, og det bør følgje sakliste med innkallinga. Elevrådet bør velje ein sekretær, som bl. a. har til oppgåve å føre møtebok.
Skann 290 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 288». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/290/