SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 287 skann 289

287 Etter kvart som elevane blir vane med å tre fram, bør ein leggje større vekt på ei ledug, naturleg framferd. Elevane må lære at ikkje berre det dei seier er viktig, men også måten det blir sagt på og måten dei ter seg på. 4.-6. klassesteget Framlegg til arbeidsplan: Lytte. Elevane bør framleis få trening i å lytte og i å gje att det andre har sagt. Kritisk vurdering. Ein bør leggje stor vekt på arbeidet med å lære elevane å vurdere kritisk det dei høyrer og les, slik at dei kan skilje det vesentlege frå det uvesentlege, og slik at dei sjølv kan lage seg eit bilete av kva som er rimeleg og rett. Hevde meiningane sine. Det er viktig i eit demokratisk samfunn at den einskilde fritt kan få gje uttrykk for meiningane sine. Mange elevar er redde for å hevde synspunkta sine fordi dei trur dei vil dumme seg ut. Skolen må derfor gjere det han kan for å skape eit miljø der elevane kan kjenne seg trygge. Dei sjenerte elevane må oppmuntrast til å komme fram med meiningane sine. Ordleggje seg. Elevane må framleis få trening i å framføre munnlege innlegg i klassen. Elevar som ynskjer det, bør få stø seg til notat med nøkkelord. Ein bør etter kvart setje større krav til flytande framstilling og naturleg, ledug framferd. Lage lesarinnlegg. Elevane må fa lære at i eit demokratisk samfunn kan alle borgarar også skriftleg fritt få hevde meiningane sine. Dei må lære at det likevel er visse reglar ein bør følgje når ein lagar eit lesarinnlegg. Diskusjon. Etter kvart må ein setje større krav til det at elevane følgjer dei reglane som gjeld i diskusjonar. Dei må lære å be om ordet, vende seg til ordstyraren, lære å skilje person og sak og halde seg til saka. Ein kan og lære elevane kva det vil seie å bruke uparlamentariske uttrykk, be om replikk, be om ordet til forretningsordenen, fråfalle ordet, og kva det tyder at det er sett strek for debatten. Votering. I samband med diskusjonar kan det passe å gjennomgå reglar for votering. Ein kan komme inn på ulike former for fleirtal, og det kan vere rett å samtale med elevane om mindretalet. Ein må leggje vekt på at det ikkje er ei skam å høyre til mindretalet, men at det viktigaste er å røyste slik ein sjølv meiner er rett. Ein må poengtere at mindretalet er forplikta til å følgje vedtaka fleirtalet har gjort, og forklare korleis mindretalet må gå fram for å få forandra eit vedtak. Val på tillitsmenn. Før elevane skal velje tillitsmenn, bør dei i klassen snakke om kva eigenskapar dei ynskjer ein tillitsmann skal ha. Læraren kan fortelje om dei ulike leiartypane: den autoritære, den demokratiske og den likeglade. Ein bør presisere at elevane må røyste på den kandidaten dei meiner er best skikka for oppgåva. Folkevalde representantar. Utan å gå nærmare inn på reglane for røysterett, nominasjon og val bør ein gjennomgå systemet med folkevalde representantar til Stortinget og kommunestyre. I denne samanhengen vil det og vere naturleg å snakke om valde representantar til elevråd, klubbstyre, styre i foreiningar 0.1. Samfunnsorden. Elevane må lære å forstå at det å høyre med i eit demokratisk samfunn ikkje vil seie at dei fritt kan gjere som dei vil. Ein må og forklare dei at dei personane som blir valde til representantar, må følgje ei mengd lover og retningslinjer. Ein bør komme inn på den informasjonsverksemda som aviser, radio og fjernsyn driv. Formann, nestformann, sekretar og styremedlem. Ein kan ta utgangspunkt i elevrådet eller ei vanleg foreining og gjennomgå dei oppgåvene dei ymse personane har. Ein bør også gjennomgå oppgåvene til heile styret under eitt. Føring av protokoll. Det bør alltid bli ført protokoll frå møta i klasseråd og elevråd. Dersom elevane får lære korleis slike protokollar skal førast, greier dei også å lage protokollar frå møte i foreiningar og lag. Lage eigne reglar. Det kan bli aktuelt for elevane å lage eigne lover eller reglar som skal gjelde for skolen, klassen, ei gruppe eller ei foreining. Elevar viser ofte større respekt for vedtekter dei sjølv har vore med på å utforme. Ein kan drøfte skilnaden mellom lover og reglar.
Skann 289 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 287». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/289/