SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 26 skann 28

26 Krav om objektivitet. Heimar med ulik innstilling. Eleven skal sjølv ta standpunkt. Objektivitet i estetiske og kulturelle spørsmål. Elevane måfå arbeide med problema utfrå sine eigne føresetnader . Omsyn til elevane. D ifferensieringstiltak . Bortval og tilval av lærestoff. A vgr ensa fridom . kan høve til behandling i skolen. Anten stoffvalet skjer innanfor fagplanane eller er ei supplering av dei, anten det gjeld langtidsplanlegging eller meir spontane initiativ, vil fantasi og interesser, fagleg og allmenn orientering hos læraren i høg grad vere avgjerande for resultatet. Ein bør ikkje sjå det som noko mål i seg sjølv å dra fram så mykje originalstoff som mogeleg, men at læraren er aktiv når det gjeld å velje stoff, vil ofte verke heldig på undervisninga og gjere ho levande. Når det gjeld verdioppfatningar og vurderingsspørsmål, må kravet om objektivitet stettast så langt det er mogeleg. Grunnskolen får elevane sine frå alle samfunnslag og frå grupper med ulike livssyn. Alle foreldre skal kunne lite på at elevane ikkje blir einsidig påverka i skolen. Eleven skal få høve til å ta standpunkt og forme ut si meining på grunnlag av sakleg og allsidig informasjon. I estetiske og kulturelle spørsmål må det krevjast objektivitet når det gjeld standpunkt til ulike retningar i litteratur, biletkunst, musikk, arkitektur, scenekunst og brukskunst. Lærestoffet bør veljast slik at dei ulike retningane blir presenterte ut frå sine eigne føresetnader. Valet av lærestoff og framstellinga av det kan bli einsidig merkt av syn og standpunkt hos den vaksne generasjonen. Elevane har ein annan røynslebakgrunn og opplever problema på ein annan måte. Dei må fa komme med spørsmål ut frå sine eigne føresetnader både når det gjeld nærliggjande problem og problem av global karakter, og fa arbeide med dei ut frå ulike synsvinklar med sikte på å ta kritiske og sjølvstendige standpunkt. Eleven må gradvis venje seg til å vere med på års- og periodeplanlegging og val av lærestoff, og til å ta sjølvstendige avgjerder om både lærestoff og arbeidsmåte. Omsynet til elevane og det elevane ynskjer, må spele ei vesentleg rolle for val av stoff. Læraren må derfor vere observant overfor spesielle evner og interesser hos elevane, så han kan utnytte dei til å velje høveleg stoff. Og læraren må avvege stoffet etter mognadsnivået hos elevane. Han må vere merksam på at stoffet i seg sjølv ikkje alltid utløyser spontan interesse eller tilslutning frå elevane. Det trengst oftast ei pedagogisk tilrettelegging av stoffet. I visse høve må ein velje stoff som ikkje har nokon særleg appell til elevane, men som læraren meiner dei vil vekse på å arbeide med. Stoffval kjem dessutan inn som eit differensieringstiltak. I somme fag, særleg på ungdomssteget, må elevane arbeide med ulikt stoff - ulikt i mengd, art eller vanskegrad. Læraren må her vere særleg omtenksam når han vel stoff- eller rettleier elevane i val av stoff- så stoffutvalet blir best mogeleg for kvar elev. Skiftande arbeidsevne og ulike føresetnader hos elevane vil føre til at bortval og tilval av lærestoff i høve til det som er oppført i læreplanen, kan komme på tale. Læresituasjonen kan krevje meir eller mindre inngåande behandling eller avgrensing av visse emneområde for somme elevar eller grupper av elevar. Ved slike tilval eller bortval av lærestoff må ein passe på at kvar elev likevel får arbeide med alt som er viktig for samanhengen. Ei utveljing kan t.d. ikkje gjerast ut frå vurderingar som står i strid med dei som ligg til grunn for mønsterplanen. I ein skole som i størst mogeleg mon skal vere ein skole for alle, må ein unngå at særstandpunkt får dominere. Anten stoffvalet skjer lokalt eller individuelt, må dei grunnleggjande retningslinjer for skolen vere avgjerande for valet.
Skann 28 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 26». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/28/