SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 286 skann 288

286 \ Referere. Elevane bør få trening i å referere det andre i klassen har sagt. Dei kan og referere det som har skjedd i løpet av ein skoletime eller ein skoledag. Lese høgt. Etter kvart som elevane får lesetrening, bør dei få lese høgt tekstar som dei andre i klassen ikkje har. Slik lesing må vere førebudd. Ein bør leggje vekt på at det blir lese høgt, langsamt og tydeleg. Stille kvarandre spørsmål. Elevane får stille kvarandre spørsmål. Spørsmåla kan hentast frå lærebøkene, oppgåver elevane arbeider med, noko læraren eller elevar har fortalt eller lese høgt. Elevane kan også spørje heilt fritt. Ein bør arbeide for å finne ei god spørsmålsform. Svare på spørsmål. I samband med arbeidet med å lage spørsmål kan ein og gje elevane trening i å svare på spørsmål. Etter kvart bør dei øvast opp til å svare på fleire spørsmål stilte like etter kvarandre til ein og same eleven. Be om ordet. Elevane er vane med å rette handa i veret når dei ynskjer å seie noko i klassen. Dei må lære at dette også gjeld når ein skal be om ordet i forsamlingar. Ynskje velkommen - leie program. I samband med kosetimar, gruppearbeid, tilstellingar for foreldra 0.1. bør elevane få ynskje velkommen. Dei bør dg få vere med på å leie program som klassen har laga. Fortelje ved hjelp av nøkkelord. Når elevane har lært å lese og skrive, bør dei få høve til å bruke notat med nøkkelord når dei skal fortelje for klassen. Meiningsytringar. Når elevane har fått trening i å fortelje for klassen, bør dei få lov til å leggje fram synspunkta sine om noko dei har lese eller høyrt. Ein tekst heile klassen har arbeidd med, kan vere eit godt utgangspunkt. Diskusjonar. Elevane bør ganske tidleg få høve til å diskutere mindre saker. Ein treng ikkje å vere så nøye med diskusjonsreglane på desse klassestega. Det viktigaste er at elevane får mot og lyst til å uttale seg. I dei fleste klassar vil det vere rimeleg at læraren leier diskusjonen, men elevane bør få prøve å halde greie på talarlista. Skriftlege referat. I løpet av det tredje skoleåret kan elevane få prøve å skrive små referat, gjerne frå klasserådsmøte. Ein bør på førehand gjennomgå nøye kva som bør vere med i slike referat. Lage program og kunngjeringar. I samband med tilstellingar i klassen kan ein lære elevane korleis ein set opp eit program. Ein kan også lære dei å lage kunngjeringar for klassen. Komitéarbeid. Ved einskilde høve treng klassen ein komité til å ta seg av spesielle oppdrag eller arrangement. Læraren må stø og rettleie komiteen, men komiteen må så langt råd er, sjølv få ha ansvaret for arbeidet. Klasseråd. Ein bør prøve med klasseråd alt i første klasse. Den første tida må nok læraren utføre det meste av arbeidet, men det har likevel mykje å seie at elevane tidleg får oppleve å bli tekne med på råd. Elevane bør få nokre konkrete felt der dei har ansvar og reell innverknad, til dømes oppslagstavle, utstilling, bokhylle, blomster 0.1. Klasserådet bør ha eigen protokoll, der læraren skriv korte referat frå møta. Når elevane har lært å lese, kan læraren kunngjere klasserådsmøta med oppslag i klasserommet, og det bør dg bli sett opp sakliste. Når elevane er blitt vane med klasserådsarbeid, bør dei få velje formann og nestformann og seinare også sekretær. I samband med dette får dei lære det formelle ved personval. Elevrådso b serva tør ar. Elevane har i dei tre første skoleåra ikkje høve til å vere med i elevrådsarbeidet. For å gjere elevane kjende med arbeidet i elevrådet på eit tidleg tidspunkt kan ein la representantar for elevane i dei tre første skoleåra få møte i elevrådet som observatørar utan røysterett. Etter eit møte i elevrådet kan observatørane få i oppdrag å referere for klassen frå elevrådsmøtet. Ein kan ikkje vente at observatørane vil forstå så mykje dei første gongene, men det gjer det lettare for dei å referere dersom klassen sender med dei einskilde oppgåver. Elevane må frå første stund venje seg til å samarbeide. I tilknyting til dei første gruppearbeida bør ein drøfte med elevane kva reglar ein må følgje når ein skal arbeide i grupper. Somme gonger vil det vere naturleg at gruppene har ein leiar. Elevane bør sjølv få velje leiaren sin, etter at klassen har snakka om kva oppgåver gruppeleiaren skal ha.
Skann 288 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 286». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/288/