SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 285 skann 287

285 Klasserådsarbeid/elevrådsaKbeid Det er ein føresetnad for utviklinga av alt demokratisk samvirke at det einskilde mennesket har kjennskap til dei skrivne og uskrivne lovene som gjeld for samfunnet. Opplæringa i demokratisk funksjonsdugleik må sikte mot å få elevane med på å forme ut skolesamfunnet og samtidig førebu dei til å medverke i samfunnet i vidaste forstand. Formene for samvirke mellom alle som har skolen som arbeidsplass eller som på annan måte har nær tilknyting til skoleverksemda, skifter frå samarbeid av heilt uformell karakter til samvirke i meir organiserte former. Mykje av lærestoffet i denne planen høyrer til samfunnsfag og orienteringsfaget, 1.-6. klassesteg, men det kunnskapsstoffet og den praktiske treninga som er naudsynt i samband med samvirke i skolen, bør prinsipielt leggjast til timane i klasseråds/elevrådsarbeid. Opplæring til demokratisk samarbeid må gå inn som ledd i heile skoleverksemda. Ingen lærar er såleis utan ansvar. Det vil her vere tale om å skape holdningar hos alle dei som tek del i samarbeidet. Målet for skolen si verksemd på dette feltet må vere å utvikle demokratiske omgangsformer, og få elevane til å skjøne at desse fører med seg plikter og rettar, fridom og ansvar. Gjennom føresegner i grunnskolelova er det skapt ytre vilkår for at alle grupper som er knytte til skolen, kan bli sikra ein viss medinnverknad . I fag- og timefordelingsplanen er det for ungdomssteget sett av ein time i veka til klasseråds /elevrådsarbeid. På barnesteget bør klassestyraren syte for at det blir nytta rimeleg tid til slikt arbeid. Elevane bør ha rimeleg innverknad i alle spørsmål som gjeld liv og arbeid i skolen. Dei må lære å forstå at medinnverknad i mange saker ikkje automatisk er det same som rett til å gjere vedtak. Som elles i samfunnet må rådsorgana for skolen gjere vedtak innanfor ramma til kompetanseområdet sitt. Elevane må få trening i å ordleggje seg, komme med framlegg, leie ein diskusjon, styre ei votering og syte for at ein far sjå ei sak skikkeleg frå alle sider. På alle klassesteg må dei fa øving i å leggje fram synspunkta sine i samtalar og diskusjonar. På alle steg kan klasseråd bli oppretta, der alle elevane i klassen er medlemmer. Det bør vere einskilde saker innanfor klasseramma der klasserådet har avgjerande makt. Alle saker elevane skal medverke i og som skal opp i andre forum seinare, bør bli drøfta i klassen på førehand. Elevrådet skal vere eit kontaktledd mellom elevane og dei instansane innanfor skolen som gjev råd eller som har avgjerande makt. Elevrådet skal på ymse måtar vere med på å skape auka trivsel og ei positiv innstilling til skolen og skolearbeidet. Det er naturleg at elevrådet medverkar til å forme skolemiljøet. Elevane på barnesteget bør også innførast i elevrådsarbeid. Oppgåver og ansvar må auke i takt med alder og mognad. Elevane på ungdomssteget skal vere representerte i samarbeidsutvalet. På barnesteget kan elevane vere representerte. I samarbeidsutvalet har elevane direkte innverknad i alle saker som blir drøfta (t.d. feriar og fridagar, skolebudsjett, trafikkforhold ved skolen osv.). På alle steg må elevane få hjelp og støtte i arbeidet med klasse- og elevrådssaker. Men skolen må passe nøye på å gje støtta ein slik karakter at ho ikkje på nokon måte blir dirigerande. Det er avgjerande for verksemda i elevrådet at skolen gjev klårt uttrykk for kva arbeidet til elevrådet og tillitsmennene har å seie. Kontakten med skoleleiinga og lærarkollegiet må vere basert på tillit. Eit tillitsfullt samarbeid mellom elevar, lærarar og skoleleiing blir fremma gjennom medviten vilje til å høyre på og respektere argumenta og synspunkta til kvarandre. 1.-3. klassesteget Framlegg til arbeidsplan: Lytte. Elevane bør frå første stund venje seg til å lytte konsentrert og til å vurdere det som blir fortalt eller lese for dei. Fortelje for klassen. Ein kan la elevane fortelje for ei gruppe eller for heile klassen om noko dei har sett eller opplevd for å trene dei i å snakke høgt nok, langsamt nok og uttale alle ord tydeleg.
Skann 287 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 285». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/287/