SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 284 skann 286

284 granske produkt og liknande. Dei bør dg fa høve til å stille spørsmål. Helst bør kvar elev ha fått sine spesielle oppgåver. Etter omvisinga må det vere høve til samtale mellom elevane og dei som har stått for omvisinga. Elevane må få høve til å samle og arbeide med inntrykka sine. Dei bør snarast mogeleg få fortelje munnleg eller skriftleg om det dei har sett. Systematisering av inntrykka og komplettering av kunnskapane høyrer med til etterarbeidet. LÆREMIDDEL Til grunnmateriell i den yrkesorienterande undervisninga bruker ein elevhefta frå Arbeidsdirektoratet for kvart av dei tre klassestega. Ajourført utgåve av elevhefta sender ein til skolane kvar haust. Dette grunnmateriellet bør ein supplere med andre læremiddel. Først og fremst vil lærebøkene (og/ eller utfyllande lesebøker) i samfunnskunnskap, historie, geografi, norsk og kristendomskunnskap (yrkesetikk, medmenneskelege forhold) innehalde stoff som gjev naturleg grunnlag for yrkesorienterande undervisning. Av andre supplerande læremiddel kan ein nemne : - yrkesorienterande filmar, skolekringkastings og fjernsynsprogram, dias, biletband, transparentar, plansjar og andre AV-middel, - programhefte/grunnbøker for radio- og fj ernsy nssend ingar , - yrkesorienterande handbøker, brosjyrar 0.1., - aviser, vekeblad og andre publikasjonar, - arbeidsbøker e.l. (ferdig «programmert» eller sjølvgjort) i samband med gruppearbeid og/eller individuelle aktivitetar, - oppslagsverk med detaljerte oversyn over yrkesområde og institusjonar.
Skann 286 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 284». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/286/