SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 283 skann 285

283 Utplassering i arbeidslivet. Så langt det er mogeleg bør praktisk yrkesorientering organiserast som utplassering i arbeidslivet. Lokale forhold blir avgjerande for kor mykje utplassering det kan bli høve til. Det blir eit spørsmål om i kor stor mon arbeidslivet kan ta imot elevane, og kva arbeidsformidlinga kan makte. Når tilhøva ikkje ligg til rette for utplassering i arbeidslivet, bør skolen finne fram til andre former for praktisk yrkesorientering. Utplassering i arbeidslivet skal, når det er mogeleg, skje i samsvar med «Retningsliner for samarbeidet mellom skolen og arbeidsformidlinga i samanheng med den praktiske yrkesorienteringa i skolen». For dei fleste unge blir møtet med arbeidslivet eit møte med eit nytt miljø, som på mange måtar er ulikt det dei kjenner frå før. Det er derfor naudsynt å bu dei på kva dei vil møte når dei kjem ut i arbeidslivet, og at dei får vite korleis ein ventar at dei bør oppføre seg. Ein må gjennomgå vernereglar og vernetiltak på arbeidsplassen. Inntrykk frå utplassering gjev oftast eit ufullstendig bilete av yrke og arbeidsmiljø. Gjennom etterarbeid i yrkesorienteringstimane må dette biletet fyllast ut og i mange tilfelle få ei korrigering. Elevane må fa gjere greie for røynslene sine for klassen. Desse utgreiingane kan samlast til ei yrkesbok. Slike yrkesbøker vil også vere av verdi for skolen og seinare elevar som ynskjer opplysningar om spesielle arbeidsforhold. Utforming av program for utplassering bør skje i samråd med bedrifta, skolen og yrkesrettleiaren. Kor detaljert dette kan gjerast, vil rette seg etter tilhøva på staden og formålet med utplasseringa. Dersom ein ikkje kan gjennomføre eit formålstenleg føre- og etterarbeid, bør ein vurdere andre former for praktisk yrkesorientering enn utplassering i arbeidslivet. Utplassering i skoleverkstdder og fagskolar. Utplassering i skoleverkstader og fagskolar kan og gje verdfull røynsle som yrkesorienteringa kan byggje vidare på. På yrkesskolar med mest yngre elevar, slik som verkstadskolar og handels- og kontorlærlingskolar, bør eleven kunne følgje ein klasse i utplasseringsveka og vere med både i teoretisk og praktisk undervisning. På fagskolar med eldre elevar vil sannsynlegvis det teoretiske stoffet vere for vanskeleg for elevar frå grunnskolen. I slike tilfelle bør dei derfor få høve til å følgje den praktiske delen av undervisninga så langt det er mogeleg. Bedriftsbesøk. Bedriftsbesøk vil mange stader vere den mest høvelege forma for praktisk yrkesorientering. Slike besøk kan gjennomførast samla på ei veke eller dei kan spreiast over eit lengre tidsrom. Der det er råd, bør bedriftsbesøka organiserast slik at dei understrekar og konkretiserer det som er drøfta i studie- og yrkesorienteringa. Ein del av timane må da kunne nyttast til det førearbeidet som besøket krev. På 7. klassesteget har besøka karakter av ekskursjonar. Elevane studerer bedrifta «utanfrå» for å få eit første overblikk. På 8. klassesteget bør elevane komme meir inn i bedriftene og studere produksjonsgang, arbeidsfordeling, lære yrkesnemningar og anna. På 9. klassesteget bør dei finne fram til mennesket bak yrket, studere arbeidsmiljø, korleis folk opplever arbeidet sitt og liknande. Bedriftsbesøk krev mykje arbeid. Det meste av arbeidet ligg oftast i førebuinga. Ein lærar bør vere ansvarleg for det opplegget som skal gjennomførast. I samråd med elevane bør han avgjere kva bedrifter som skal vitjast, setje opp klåre mål for besøka og gjennomgå tilgjengeleg informasjonsmateriale med elevane i førevegen. Dette er med og legg grunnlaget for val av studieobjekt. Klassen blir delt i grupper. Kor mange det skal vere i kvar gruppe, rettar seg etter forholda i bedrifta, men ei gruppe bør til vanleg ikkje ha meir enn 10-15 elevar. Det vil vere naturleg at skolen søkjer samarbeid med arbeidsformidlinga når ein skal førebu bedriftsbesøk. Arbeidsformidlinga bør vere det koordinerande organet som fremmar kontakt mellom skolen og bedrifta, gjer avtalar med dei aktuelle bedriftene og hjelper skolane med informasjonsmateriale. Skolen og arbeidsformidlinga bør, om det trengst, hjelpe bedrifta med å utarbeide plan for bedriftsbesøket. Bedriftsbesøk må ikkje vare for lenge (1-2 timar) og ikkje omfatte for mange arbeidsoperasjonar. I førehandsorienteringa bør det vere med ei oversikt over bedrifta, gjerne i relasjon til næringslivet elles. Det bør peikast på spesielle yrke som er typiske for bedrifta, og kva krav dei set når det gjeld utdanning og anna. Førehandsorienteringa bør gje kunnskap som gjer det lettare for elevane å leggje merke til og forstå og hugse det dei ser og høyrer. Under omvisinga bør elevane, i den mon det er tilrådeleg, aktiviserast med småoppgåver,
Skann 285 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 283». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/285/