SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 282 skann 284

282 b. Samtalen vidare bør klårleggje kva for krav dei ulike yrka set. c. Det vil vere nyttig å velje ut typeyrke som ein drøftar meir detaljert. Under samtalen må det komme klårt fram at alle yrke aktiviserer ei lang rekkje interesser og anlegg. Utdanning og opplæring bør drøftast samtidig med at ein gjev orientering om sjølve yrket. Elevane bør få arbeide relativt fritt med stoffet. Dersom klassen blir inndelt i grupper som får kvar sitt yrke til meir inngåande studium og gruppene presenterer arbeidet sitt for samla klasse, vil orienteringa lettare fa ei viss breidd. Under orienteringa vil sjølvvurdering i nokon mon komme inn, jamvel om elevane ikkje sjølv er klår over det. Under arbeidet med stoffet vil eleven utan vidare vurdere eigne interesser og anlegg mot dei krav yrka set. For å få større systematisk kunnskap om eigne evner og anlegg kan elevane fylle ut små sjølvvurderingsskjema. Berre når elevane sjølv ynskjer det, bør læraren hjelpe til med sjølvvurderinga. Dei skolane som planlegg praktisk yrkesorientering for elevane på 8. klassesteget, bør setje av god tid til førebuing og etterarbeid. På grunnlag av røynsler frå praktisk yrkesorientering bør ein sjå nærmare på visse sosiale forhold på arbeidsplassen (vernetiltak, lovføresegner om unge i arbeidslivet, lærlingordning, opplæring i bedriftene m.m.). 9. klassesteget (15 timar) På same måten som på 7. og 8. klassesteget gjev ein først ei oversikt over studie- og yrkesorientering. Ein går vidare med utgreiinga om korleis tilhøva på arbeidsmarknaden blir regulerte av lover og reglar, om organisasjonane i arbeidslivet og korleis dei er oppbygde, om avtaleordningar mellom partane i arbeidslivet, og forklarer korleis arbeidstvistar blir løyste. Elevane må få kjennskap til omgrep som interessetvist, rettstvist, tariffavtale, hovudavtale og arbeidsretten. Gjennom dette stoffet kjem ein naturleg inn på ulike lønnsprinsipp. Det er særleg to lover som vedkjem arbeidsforholda for dei unge, arbeidarvernlova og lærlinglova. Tilhøva på arbeidsmarknaden blir regulerte med ymse verkemiddel. Arbeidsformidlinga er eitt av dei, og ein forklarer oppgåvene og arbeidsfeltet til denne institusjonen. Det viktige for elevane i denne samanhengen er likevel ikkje å få ei skildring av reguleringsmekanismar og lovrammer om arbeidsforhold, men å oppleve mennesket på arbeidsplassen. Korleis opplever ein arbeidstakar arbeidsforholdet sitt og korleis ville elevane sjølv oppleve det? Samtalar om slike tilhøve kan få fram interessante problem som ein kan studere ved besøk i bedrifter og intervju med folk i ymse yrke om arbeidsforholda deira. Mange av lesestykka i lesebøkene gjev eit forelda bilete av yrkeslivet, men i presse og tidsskrift kan ein finne aktuelt stoff. Førebuing til sjølvstudium av fritt valde yrke bør ta til tidleg i skoleåret, så elevane kan få god tid på seg, til dømes heile hausthalvåret. Dei må få høve til å velje yrke dei er særleg interesserte i, og lage relativt grundige oversikter over dei. Læraren må vise til bøker som elevane kan få tak i, og gjennomgå ein disposisjon som dei kan følgje når dei skal undersøkje eit yrke. Dersom det er mogeleg, bør eitt av yrka undersøkjast ved hjelp av intervjumetoden. Elevane bør og få høve til nærmare studium av vidaregåande utdanningsvegar. Ein film kan høve godt som innleiing. Orienteringa kan godt ta utgangspunkt i eigne gryande yrkesynske hos elevane og leggjast opp slik at ein dreg fram dei utdanningsvegane som fører til ulike stillingar på eit yrkesområde. Like viktig er det å orientere elevane om at ein og same utdanningsvegen kan føre fram til ulike yrke. Elevhefte for 9. klassesteget (utgjevne av Arbeidsdirektoratet) kan brukast som utgangspunkt for ei slik gjennomgåing, som gjerne kan skifte mellom klassesamtalar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Ein bør og gje orientering om vilkåra for pengelån og stipend. Elevane må få høve til å setje opp utdanningsplanar for dei nærmaste åra saman med lærar eller rådgjevar. I denne samanhengen kan det vere nyttig å invitere ein yrkesrettleiar til klassen for å orientere om kva hjelp arbeidsformidlinga kan gje. Og det kan høve godt med eit besøk på arbeidskontoret. Vi viser til det meir detaljerte undervisningsopplegget i «håndbok for lærere i yrkesorientering», utgjeven av Arbeidsdirektoratet. Praktisk yrkesorientering. Praktisk yrkesorientering kan ha fleire former. Dei vanlegaste er: a. utplassering i arbeidslivet. b. utplassering og besøk i fagskolar. c. spesielle kurs på fagskolar. d. bedriftsbesøk. e. utplassering i sosiale institusjonar.
Skann 284 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 282». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/284/