SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 281 skann 283

281 problemstillingar og øve seg i å ta avgjerder. Elevane skal arbeide aktivt med stoffet både gjennom gruppearbeid og individuelt arbeid og trenast i sjølvstendige arbeidsmåtar. RETTLEIANDE ÅRSPLANAR I årsplanane er det sett opp emnemoment for 1 ., 8. og 9. klassesteget. Det har til føresetnad at elevane får praktisk yrkesorientering på 8. klassesteget. Dersom praktisk yrkesorientering blir gjennomført på 9. klassesteget, må føre- og etterarbeidet som er teke med for 8. klassesteget, flyttast til 9., og ein del av momenta for 9. klassesteget flyttast til 8. 7. klassesteget (10 timar) Med utgangspunkt i den situasjon elevane er i, orienterer læraren kort om det ein skal gjennomgå i studie- og yrkesorientering, og om måla for undervisninga. Som grunnbok kan ein bruke elevheftet for 7. klassesteget, frå Arbeidsdirektoratet. Med utgangspunkt i elevheftet prøver ein å vise utviklinga i yrkeslivet frå den tidlegaste arbeidsdeling til stadig større spesialisering i vår eiga tid. Den raske utviklinga gjennom industrialisering og automasjon er kjend for dei fleste elevar, men denne prosessen er så nær i tid at det er vanskeleg å sjå samanhengen i utviklinga. Ei historisk oversikt vil lette forståinga. I eit moderne yrkesliv er samarbeidet mellom næringar og yrke ein naudsynt føresetnad. Den sterke spesialiseringa ein møter overalt i yrkeslivet, krev at fleire yrke må samarbeide for å skape eit produkt. Med utgangspunkt i eit ferdig produkt, til dømes eit hus, kan elevane finne fram til dei yrka som har vore med i tilverkinga. Ei slik oversikt vil gje grunnlag for ei vidare drøfting av korleis det lokale næringslivet er samansett. Ein gjennomgår yrke frå dei viktigaste yrkesområde med utgangspunkt i elevheftet for 7. klassesteget frå Arbeidsdirektoratet. Det er viktig at ein ikkje fester seg for mykje ved tradisjonelle yrkesomgrep, men heller prøver å vise at yrka er i stadig utvikling. Med film kan ein gje eit bilete av utviklinga i yrkeslivet dei siste åra. Det er viktig i denne samanhengen å lette det presset mange elevar kjenner i samband med yrkesvalproblema sine. Det er ikkje rimeleg å vente at elevar på dette alderssteget skal ha klåre tankar om det framtidige yrket sitt. Ein kan vise til korleis interessene utviklar seg, og bruke det som utgangspunkt for drøfting. (Jfr. Arbeidsdirektoratets håndbok for lærere i yrkesorientering.) Ein bør også peike på korleis interesser og holdningar blir prega av heim og omgangskrins, skole og massemedia, og ta opp spesielle omgrep som moteyrke, status-yrke, kjønnsroller og kjønnsdiskriminering i yrkeslivet. Elevane bør fa øving i å samle informasjon. For å gjere dette så meiningsfylt som mogeleg bør ein la informasjonsinnsamlinga vere ei oppgåve for klassen. Ein må kunne få i stand ekskursjonar for grupper av elevar, så dei kan sjå på samanhengen mellom næringar og bedrifter eller samarbeidet mellom ulike yrkesfunksjonar, og studere produksjonsgangen. Grundig føre- og etterarbeid må til for å få eit tilfredsstillande resultat. (Sjå opplegg av bedriftsbesøk.) 8. klassesteget (25 timar) Undervisninga på 7. klassesteget skal gje eit oversyn over yrkeslivet, utan å komme nærmare inn på samanhengen mellom yrkesval og personlege føresetnader. På 8. steget blir begynnande anleggsorientering eit hovudtema. Ein drøftar dei høve som yrka gjev til interesseutfalding, og dei krav dei set. Dermed blir elevane naturleg førte inn i eit yrkesvalresonnement som går ut på å vurdere eigne interesser og anlegg i høve til krava i ulike yrke. I denne samanhengen kan ein drøfte arbeidsglede, og peike på kor viktig det er at det er samsvar mellom evner og anlegg og kravet til prestasjonar i det yrket som ein vel. Ein gjennomgår dei viktigaste arbeidsformer og yrkestypar med utgangspunkt i elevheftet for 8. klassesteget, som Arbeidsdirektoratet har gjeve ut. Ein prøver å vise at yrka appellerer til ulike interesser, og at dei set ulike krav til evner, personleg legning og opplæring. Vidare prøver ein med utgangspunkt i skolearbeidet og fritidssyslane å vise korleis menneska er ulike, både når det gjeld fysisk styrke, interesser, evner og andre viktige eigenskapar. Det må ikkje leggjast einsidig vekt på teoretiske evner. Yrkesorientering er eit emne der ein kan gje elevar utan gode teoretiske evner kompensasjon for nederlag dei kan ha lide ved å bli samanlikna med klassekameratane sine i bokfaga. Ein bør drøfte yrkesområda etter denne planen : a. gjennom lesing og samtalar prøver ein å finne fram til det som er særmerkt for dei ulike yrkesgruppene.
Skann 283 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 281». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/283/