SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 280 skann 282

280 I historie er det høve til å ta for seg arbeidslivet i tidlegare tider, og vise korleis den historiske utviklinga har vore. I edruskap^undervisninga kan ein peike på dei vanskar som misbruk av alkohol og narkotika vil føre til for yrkesval og arbeidsforhold. Stundom kan ein nytte ut valfag og i yrkesorienteringa. Yrkesorienteringa gjev ofte høve til å peike på karakteristiske drag ved yrka som er mindre påakta i skolesituasjonen. Ein kan streke under det kravet mange yrke set til tolmod, til å vere påliteleg og nøyaktig, og til evna til å halde ut med arbeidsrutinar. Somme yrke krev at ein er roleg og sindig og ikkje misser sinnsjamvekta i vanskelege situasjonar, at ein kan leie andre, underordne seg andre og liknande. I visse yrke krevst det stor kroppsstyrke, i andre er det ein føremon å vere liten og spedbygd. Eigenskapar som ein elles ofte ser på som mindre viktige, kan i visse yrke vere eit stort aktivum. Ein kan styrkje sjølvkjensla hos mange elevar ved å la dei forstå at på rett plass i arbeidslivet kan alle bli gode medarbeidarar. ARBEIDSMÅTAR Teoretisk studie- og yrkesorientering og praktisk yrkesorientering er ulike sider av yrkesorienteringsprogrammet i skolen, og ein må sjå det som eit heile, ikkje som skilde disiplinar. Det vil vere eit mål i seg sjølv å gje elevane grunnleggjande kunnskap om utdanningsvegar og arbeids- og yrkesliv, men skolen må også med bakgrunn i dette kunnskapsstoffet prøve å hjelpe elevane til større sjølvinnsikt i yrkesvalsituasjonen. Den praktiske yrkesorienteringa kan konkretisere undervisninga ved at eleven får eit meir røyndomsnært syn på arbeidsmiljø og arbeidsliv. Den indre samanhengen mellom emnedelane bør komme fram gjennom både undervisningsopplegg og arbeidsmåtar. Dersom det er mogeleg, bør yrkesorienteringa organiserast som eit samanhangande kurs innanfor samfunnskunnskap med ikkje for lange tidsintervall mellom timane (rammeintegrering). I prinsipp skil ikkje arbeidsmåtane i yrkesorienteringa seg ut frå arbeidsmåtane i andre skolefag. Lærestoffet gjev høve til variasjon, og læraren må velje arbeidsmåtar ut frå dei vilkår ein har lokalt, i skole og næringsliv. Rett utnytta kan ekskursjonar og bedriftsbesøk gje undervisninga mange verdfulle impulsar, dersom besøka blir nøye planlagde med føre- og etterarbeid. For mange skolar vil dette vere ei tidkrevjande undervisningsform på grunn av dei geografiske tilhøva. Med dei få timane som står til rådvelde for undervisning i emnet, må ein derfor i kvart tilfelle nøye vurdere om resultatet står i forhold til den tida som går med. Film og biletband må i mange høve nyttast i staden. Stundom kan det vere nyttig å invitere folk frå ulike yrke til å halde foredrag, eller til å la seg intervjue av ein klasse eller ei arbeidsgruppe. Folk som har førstehandskjennskap til yrket sitt, representerer ofte eit friskt innslag utanfrå. Men det er grunn til å vere varsam både i val av yrke og av person. Det er berre nokre få yrkesrepresentantar skolen kan invitere, og interessa for desse yrka vil derfor lett bli for sterk. Læraren bør og vurdere nøye dei pedagogiske føresetnader vedkommande har for å tale til den aldersgruppa det gjeld. Representantar for organisasjonar i arbeidslivet kan inviterast til skolen for å orientere om forhold på arbeidsplassen. Dersom representantar for arbeidsgjevarane og arbeidstakarane kan komme samtidig, er det sjanse for interessante ordskifte. Gjennom rollespel eller dramatisk framsyning av aktuelle situasjonar på arbeidsplassen (arbeidssøkjar /personalsjef, nytilsett, klubbformann, tarifforhandling m.m.) kan omgrep som lett blir vage og uklåre for elevane, konkretiserast og gjerast åskodelege. Rollespel kan og hjelpe til å klårleggje yrkesetiske omgrep (solidaritet, skoft, medansvar 0.a.). Deltakarane får rollene forklarte meir eller mindre fullstendig og samtidig får dei ei skildring av den situasjonen som skal spelast. Den dramatiske framsyninga går så føre seg utan manuskript. Alle improviserer rollene slik dei meiner den aktuelle personen ville te seg. Undervisninga vil likevel i stor mon bli klasseundervisning med samtalar som byggjer på yrkesorienterande bøker, brosjyrar, filmframsyningar og liknande. Elevane må lære å bruke oppslagsverk når dei skal skaffe seg den informasjon dei treng. Dei skal lære seg å arbeide med
Skann 282 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 280». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/282/