SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 279 skann 281

279 Yrkesorientering Studie- og yrkesorienteringa skal gje kunnskap om utdanningsvegar, yrke og arbeidsliv. Undervisninga skal skape positive og realistiske holdningar hos dei unge til skole og arbeidsliv. Det er viktig at studie- og yrkesorienteringa ikkje berre gjev yrkestekniske fakta, men prøver å kaste lys over dei menneskelege sidene ved å ha eit yrke. GENERELT OM YRKES ORIENTERING Yrkesvalet er ein samanhangande utviklingsprosess med stadig nye val etter kvart som ein går fram i alder og mognad. Sjølvoppfatning og innstilling til yrkesvalet byggjer seg opp gjennom ei årrekkje ved påverknad frå miljøet og ved aukande innsikt i eigne anlegg. Det er derfor naudsynt med stadig informasjon og trening i å løyse yrkesvalproblema . Gjennom møtet med arbeidslivet i heimen og samfunnet skaper ein grunnlaget for ei sjølvoppfatning som verkar med til å peike ut den rolla elevane seinare vil spele i yrkeslivet. For svært mange elevar vil ikkje miljøet gje god nok bakgrunn for yrkesvalet. Dei unge må få allsidig yrkesinformasjon slik at dei på best mogeleg grunnlag kan velje yrke. Ei førebuande yrkesrettleiing må setjast inn før eventuelle feiloppfatningar og innstillingar har festna seg, og sakleg informasjon om yrke og hjelp til sjølvinnsikt må gå hand i hand med individuell rådgjevingsteneste. Ein må ikkje berre gje yrkesinformasjon, men også oppmuntre til sjølvvurdering og etterfølgjande planlegging av vidareutdanning og yrkesførebuing. Foreldra og dei unge sjølv må vere klår over kor viktig det er at elevane er motiverte og verkar med i denne prosessen. Dei må ta ansvaret for dei avgjerdene som blir tekne på grunnlag av sjølvinnsikt og studieog yrkesinformasjonar. Ein må prøve å unngå alt press på dei unge i avgjerdssituasjonen ved utgangen av grunnskolen. Det må gjerast klårt at den avgjerda ein tek, berre er første leddet i ei livslang avgjerdskjede, og at det framleis vil vere fleire høve til å velje. Som vaksen kan ein få skoleutdanning som ein i ung alder ikkje ser verdien av. LÆRESTOFF Tradisjonelle meiningar om kva yrka er verd og kva dei står for, pregar elevane. Det er viktig at det elevane meiner om yrkeslivet, ikkje blir låst fast i forelda verdioppfatningar. Spesielt bør ein vere merksam på spørsmålet om jamstelling mellom kjønna i samfunn og yrkesliv. Årsaker til og konsekvensar av skilnader mellom kvinne- og mannsroller bør drøftast med elevane. I studie- og yrkesorienteringa må ein leggje forholda til rette slik at elevane får eit grunnlag for å vurdere sine eigne sjansar og avgrensingar. I møtet med yrkesinformasjonar og yrkesroller skjer ei gradvis utvikling av sjølvoppfatninga som vil gje elevane betre høve til sjølvrealisering gjennom realistiske, langsiktige yrkesplanar. Den kunnskap elevane får gjennom studieog yrkesorienteringa, og den sjølvinnsikt som dei utviklar, skaper grunnlaget for utdannings og yrkesvalet. Det er viktig å gje konkrete øvingar og trening i avgjerder om utdanning og yrkesval. Studie- og yrkesorienteringa skal integrerast i samfunnskunnskap. Valet av integreringsmåte får innverknad på disponeringa av lærestoffet. Denne planen har framlegg til fordeling av lærestoffet på dei tre siste åra i grunnskolen, og gjev ei ramme for korleis det kan integrerast. Undervisninga bør ha eit omfang som svarar til 50 timar fordelte med 10 timar på 7 ., 25 på 8. og 15 timar på 9. klassesteget. I tillegg til desse timane kjem praktisk yrkesorientering på 8. og/eller 9. klassesteget, med minimum 1, maksimum 2 veker. Yrkesorientering skal ein gje i andre fag og, når det høver med innhaldet i faget. I kristendomskunnskap kan ein ta opp yrkesetikk som eit moralsk spørsmål, og tilhøve på arbeidsplassen ut frå eit kriste livssyn. Gjennom litteraturutvalet i morsmål får elevane kjennskap til arbeids- og samfunnslivet. I dette faget får elevane øving i å bruke metodar som intervju, foredrag og liknande som høver godt i samband med yrkesorienteringsstoff. I geografi får ein orientering om næringsliv, produksjon og handel og problem som gjeld folkesetnadsstrukturen og flyttinga til tettstader og pressområde.
Skann 281 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 279». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/281/