SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 25 skann 27

Lærestoff Retningsgjevande rammeplan. Mønsterplanen er ein retningsgjevande rammeplan. At han er retningsgjevande, vil seie at han prøver å realisere dei mål og intensjonar som lova og førearbeida til lova har sett opp for undervisninga i grunnskolen. At det er ein rammeplan, vil seie at det stoffet han presenterer, ikkje må oppfattast som eit obligatorisk minimum som alle må gjennomgå. På barnesteget må sjølve stoffmengda tilpassast etter timetalet for kvart fag. Det blir derfor naudsynt å gjere eit utval av det stoffet som fagplanane set opp. Også på ungdomssteget er stoffmengda så stor at ein må gjere eit utval. Vidare må det vere høve til å velje stoff som ikkje er teke med i fagplanane, men som ein meiner er viktig i det pedagogiske arbeidet. I ei særstilling står valfaga på 8. og 9. klassesteg, der det i stor mon vil vere formålstenleg å velje stoff på relativt fritt grunnlag. Årsplanane i dei ulike fagplanane er rammeplanar, og fordelinga av stoffet på dei ulike årsstega må oppfattast som framlegg. Lokale variasjonar i stoffvalet. I somme fag vil stoffvalet kunne skje ut frå lokale føresetnader. Omgjevnadene til skolen og samfunnsmiljøet på staden vil i mange tilfelle avgjere kva stoff ein skal velje. Anten ein ynskjer å nytte ut det som er kjent for elevane, eller ein vil orientere om meir framande forhold, vil utgangspunkt i det lokale miljøet kunne føre til store variasjonar i stoffutvalet frå stad til stad. Saman med ein stadig snøggare auke av den samla kunnskapsmengda går det føre seg ei samanhangande revurdering av tidlegare innvunnen kunnskap både med omsyn til kor viktig og kor påliteleg han er. Ajourføring av lærestoffet. Ajourføring av lærestoffet blir derfor ei viktig oppgåve når det gjeld læreplanar, lærebøker og undervisninga til kvar einskild lærar. I denne samanhengen må ein vere på vakt mot å auke den totale stoffmengda og dermed den samla arbeidsbyrda for elevane. Kvar einskild lærar må velje. Innanfor dei rammer som fagplanane set, er den einskilde læraren ansvarleg for val av stoff, arbeidsmåtar og hjelpemiddel. Særleg gjeld dette i emneundervisning. Læraren må likevel ikkje vere bunden berre til stoff som er nemnt i fagplanane. Han kan og supplere det med anna stoff. Tilval av lærestoff må vere i samsvar med målet for skolen og med mønsterplanen sine føresetnader. Ofte kan det vere rasjonelt og utbyterikt at grupper av lærarar samarbeider om val av lærestoff. Langtidsplan og spontanval. Val av stoff må gå inn som eit naturleg ledd i års- og periodeplanlegginga. I visse høve kan læraren også gjerne gjere meir spontane val på kortare sikt når den aktuelle situasjonen talar for det. Det er derfor viktig at læraren har eit vake auge for stoff som kan dukke opp, og som
Skann 27 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 25». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/27/