SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 274 skann 276

274 I trafikkopplæringa er det viktigare å byggje opp eit rett atferdsmønster enn å memorere kunnskap. Foreldra og politiet må kontrollere at elevane viser rett åtferd i trafikken. Skolen kan likevel hjelpe til med dette ved å opprette skolepatruljar, i samråd med politi (lensmann). Systemet går kort ut på at eldre elevar passar på og hjelper medelevane sine trygt over kjørebana på oppmerkte stader nær skolen. På denne måten kan ein fa elevane til å praktisere reglane rett kvar dag. Slik øving gjev gode vanar, som også har sjansar for å bli praktiserte når elevane er ute i trafikken aleine.
Skann 276 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 274». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/276/