SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 273 skann 275

273 Skal ein bli ein god trafikant, er det ikkje nok å kjenne trafikkreglane og vite korleis dei skal brukast. Ein må og ha viljen til å følgje reglane og til å tilpasse seg trafikken og medtrafikantane. I denne perioden bør ein i trafikkopplæringa leggje særleg vekt på den sosiale utviklinga hos elevane, på den holdning dei har til trafikken og medtrafikantane og prøve å fa kvar einskild til å forstå det ansvar han har overfor medtrafikantane. Ein må prøve å få elevane til å sjå trafikken frå ein etisk-moralsk synsvinkel, der viljen til samarbeid blir avgjerande. Ved å ta omsyn og samarbeide kan ein unngå at feil fører til.ulykker. Elevane må lære å forstå at trygg trafikk krev noko meir enn kunnskap og dugleik. Det er innstillinga til trafikken som er avgjerande, viljen til å vere aktsam, ta omsyn og vise ansvar. I opplæringa bør ein prøve å avdekkje dei kreftene som gjer seg gjeldande i trafikken og samspelet mellom dei. Elevane må lære å forstå korleis deira eiga åtferd i trafikken verkar inn på åtferda til medtrafikantane, og korleis denne att verkar inn på dei sjølv og andre. Ein må prøve å gje elevane ei djupare forståing av det store arbeidet samfunnet har lagt ned for å tryggje trafikken til lands, til sjøs og i lufta, og dei kolossale summar av menneskeleg liding og . økonomiske tap som trafikkulykkene likevel fører til kvart år, og som alle til sjuande og sist må vere med å betale. Dei fleste lovbrot og trafikkulykker skjer fordi trafikantane manglar kunnskap, er uvarsame eller med vilje bryt trafikkreglane. På ungdomssteget blir oppgåva å redusere desse årsakene. Det må kontrollerast at elevane har den kunnskap og dugleik som planane for barneskolen har til mål. Dernest må ein motverke slendrian og uvarsemd ved å leggje vekt på dei alvorlege konsekvensar ei feilholdning kan fa for ein sjølv og andre. Som motvekt mot tendensar til medvite å bryte trafikkreglane må ein appellere til det sosiale ansvaret hos elevane. Det må skapast ei djupare forståing av at trafikkreglane er formålstenlege og verdfulle. Lysta til å lære og viljen til å følgje trafikklovene må stimulerast ved at skolen målmedvite prøver å forme positive innstillingar til gjeldande reglar og til vårt ansvar som trafikantar. I barneskolen konsentrerer ein seg om den rolle den einskilde eleven har i trafikken. I ungdomsskolen bør ein leggje større vekt på oppgåver og ansvar overfor medtrafikantar. Trafikken legg på oss plikter og krev vilje til sjølvkontroll. Målet for trafikkopplæringa i grunnskolen 18. Mønsterplan. Nyn. er nådd når elevane som gåande, syklande og framtidige motorførarar har fatt det naudsynte grunnlaget for ein høg trafikkmoral. I barneskolen er elevane først og fremst gåande og syklistar. På ungdomsskolesteget nærmar elevane seg 16 år og dermed minimumsalderen for å kunne kjøre moped, lett motorkjørety og traktor. Ei naturleg interesse for motorkjørety vaknar. Denne interessa er ei god motivering for å ta opp nye roller, som saman med den etiske påverknaden bør få brei plass i undervisninga. Trafikkopplæringa i ungdomsskolen bør omfatte : - generell undervisning; vidareføring av kunnskap og dugleik frå tidlegare undervisning, med særleg vekt på verdien av samarbeid og gjensidige omsyn, og på nye roller som elevane kan få i trafikken, - praktiske øvingar som framleis er knytte til elevane sitt trafikkmiljø, - spesiell undervisning; repetisjon av tidlegare innlært stoff og praksis i dei disiplinar der elevane sviktar. Emna blir fordelte over treårsperioden og nærmare tidfeste etter aktualitet og tilknyting til faga. Rollene og trafikkdugleiken til elevane og aktualiteten til emna andsynes årstida bør og verke inn på emnefordelinga. Samarbeidet med foreldra og politiet om trafikkopplæringa bør halde fram. På dette steget kan det og vere nyttig og ynskjeleg med eit visst samarbeid med Statens bilsakkunnige. LÆREMIDDEL Handbok for læraren. Lærebøker og/eller arbeidsbøker for elevane. Film og biletband som tek opp problem og viser positive løysingar. Trafikkskilt og plansjar. Magnetisk trafikktavle. Flanelltavle. Trygg Trafikk har arbeidd ut ei praktisk utforming av den læreplanen som er skissert. Opplegget omfattar rettleiing for læraren og hjelpemiddel i undervisninga. SKOLEPATRULJAR Trafikkopplæringa i skolen må oftast avgrense seg til : a) undervisning i klasserommet, b) demonstrasjon og trening i trafikken.
Skann 275 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 273». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/275/