SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 275 skann 277

275 Alkohol, narkotika og tobakk (ANT) Undervisninga om alkohol, narkotika og tobakk skal gje opplysning om faren ved å bruke desse stoffa. Det gjeld både helsefaren for den einskilde og dei samfunnsproblem som bruken fører med seg. Undervisninga må vere livsnær og aktuell og knytast til problem elevane er opptekne av. Framstellinga må vere sakleg og objektiv, slik at elevane får høve til sjølv å ta stilling til problema. Undervisninga om alkohol, narkotika og tobakk må komme så tidleg at ho kan verke førebyggjande, men samstundes må elevane vere mogne nok til å forstå dei problema ein tek opp. I somme klassar kan det bli naudsynt å orientere om alkohol, narkotika og tobakk alt på 4. eller 5. klassesteget, i sjeldne tilfelle enda tidlegare. Elles gjev ein denne undervisninga systematisk først på 6. klassesteget. På ungdomssteget bør emnet takast opp i fag det har tilknyting til. Ei avsluttande, samla gjennomgåing gjev ein på 9. klassesteget. På dette steget er det ynskjeleg at faglærarane tek for seg emnet mest mogeleg samtidig, slik at ein kan få ei nokolunde samordna undervisning. Emnet høver godt til elevaktivt studium, individuelt eller i grupper. Skolane bør ha klassesett med skrifter om alkohol, narkotika og tobakk. Stoffet kan aktualiserast og illustrerast gjennom filmar, avisutklipp, montasjar 0.1. Da elevane kjem frå heimar med ulik innstilling når det gjeld desse spørsmåla, må læraren vise stor takt og varsemd i undervisninga. Ein bør vere merksam på dei faremomenta ei for detaljert undervisning om narkotiske stoff gjev. LÆRESTOFF 4.-6. klassesteget Sakleg informasjon om rusdrikk, tobakk og narkotika. Alkoholinnhaldet i rusdrikker. Verknaden av tobakk, alkohol, narkotika og sniffing på helse, sansar og arbeidsevne. Binding (alkoholisme, narkomani). Rusgifter og trafikk, idrettsprestasjonar, sjukdom, lovbrot. Krav til bilførarar, togførarar, båtførarar, flygarar osv. Litt om vår tids rusdrikk- og narkotikaproblem. Følgjene for heim og samfunn. Korleis kan misbruk hindrast? Røykevanar, drikkevanar, dårlege føredøme, press frå andre m.m. Lovgjeving, opplysningsarbeid. 7.-9. klassesteget Framlegg til fordeling av stoffet på faga : Fysikk I kjemi. Tobakk. Alkohol - samansetnad og viktigaste kjemiske eigenskapar. Kort orientering om narkotiske stoff og legemiddel. Biologi (Fysiologi og helselære) . Verknaden av tobakk, alkohol og narkotika på nerveceller, sjeleliv og arbeidsevne. Ulike grader av rus. Faren for tilvenjing. Alkoholisme og narkomani, spesielt ungdomsnarkomani. Samfunnsfag. 1. Årsaker til misbruk: Røyke- og drikkeskikkar. Selskapsliv. Å vere «karsleg». Spenninga ved å prøve. Særleg utsette yrke. Problem og nervepress i familie, yrke osv. Automasjon, kortare arbeidstid, meir fritid. 2. Verknader av misbruk: a) Samanheng mellom røyking og helse. b) Samanheng mellom alkoholmisbruk og trafikkulykker. c) Samanheng mellom alkohol, narkotika og kriminalitet. d) Oppløyste ekteskap, hindring av utdanning, innverknad på barneoppseding, oppførsel og innstilling. Arbeidet til barnevernsnemnda. e) Innverknad på familiebudsjettet. Redusert arbeidseffekt, større fråværefrekvens, arbeidsulykker, produktivitetssvikt. Materielle skadar. 3. Samfunnstiltak mot misbruk: a) Lover og restriksjonar. Føresegner om sal av tobakk. Skjenkjerettsføresegner. Prispolitikken. Rusdrikklova. Lov om pliktig avhald. Lov om edruskapsnemnder. Vegtrafikklova. Lov om sosial omsorg. b) Dei kommunale edruskapsnemndene og arbeidet deira. Statens edruskapsdirektorat. c) Undervisning i skolen om nikotin, edruskapsspørsmål og narkotikaskadar. d) Arbeidet til avhaldsorganisasjonane. Organisasjonsarbeid mot narkotikaskadar. e) Orientering om alkoholfrie drikkevarer.
Skann 277 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 275». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/277/