SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 272 skann 274

272 4.-6. klassesteget Frå og med 4. klassesteget legg ein hovudansvaret for trafikkopplæringa til samfunnsfaga (orienteringsfag) , og ein må etter kvart leggje stor vekt på samfunnssynspunkt i undervisninga. Trafikkopplæring må ein framleis gje i andre fag og: kristendomskunnskap (ta omsyn til andre, vere hjelpsam mot gamle, småbarn, blinde i trafikken), norsk (skriftlege oppgåver med emne frå trafikken), heimkunnskap (passe småbarn i trafikken, førstehjelp ved trafikkulykker), forming (lage trafikkskilt, få barna til å setje refleks på lue og anna ytterty), kroppsøving (balanse trening, høgre / venstrevending, vere varsam under ballspel, skilauping osv.). Medan barna opp til 9-årsalderen godtek forbod og påbod i trafikken fordi autoritetar gjev dei (foreldre, lærarar, politi), har elevane på høgare steg behov for å få vite kvifor forbod og seinare påbod skal respekterast. Undervisninga må sikte mot å overføre autoriteten frå personar til reglane sjølv ved at elevane får grunnlag for å forstå at reglane er nyttige og naudsynte for orden og tryggleik i trafikken. Den holdning elevane har til reglar og lover, vil i stor mon vere avhengig av at foreldre, lærarar, politi og andre maktar å grunngje reglane og vise at dei er nødvendige. Ved ei systematisk undervisning skal ein ta sikte på at elevane ved utgangen av 6. klasse har fått den kunnskap dei treng for å oppføre seg korrekt i trafikken. Så langt det er råd, må ein korrigere feilhandlingar, slik at gode vanar kan dominere. På 4.-6. klassesteget er sykkelreglane særleg aktuelle. Også på desse aldersstega skal ein ta utgangspunkt i tilhøva på staden og i det kjende trafikkmiljøet. Ved å bruke sykkel utvidar elevane dette monaleg. Undervisninga må rette seg etter kor mogne barna er, og etter roller og framferd i trafikken. Trafikkopplæringa for desse stega bør omfatte : - kunnskap og dugleik som elevane tidlegare har lært i småskolen skal fastne til gode vanar, - nye aktuelle emne, drøfting av korleis trafikkreglane kan skape god trafikkav- vikling og større trafikktryggleik, sjøvett, - spesiell undervisning, repetisjon i den mon og på dei felt der elevane framleis gjer feil. Det vil vere nyttig å sende spørjeskjema til foreldra. Tilsynslæraren i samarbeid med klasseforstandaren fordeler emna på dei tre klassestega og tidfester emna på kvart steg. Dersom det ikkje er tilsett tilsynslærar, gjer klassestyraren det i samarbeid med skolestyraren. Dei roller elevane har i trafikken og trafikkvanane deira, bør vere rettesnor for prioriteringa av emna. Emne som heng saman med skiftande ver og føre (mørke, snø, glatt føre m.m.), tek ein opp straks dei er aktuelle. Det må framleis vere godt samarbeid med foreldra til elevane og med politiet (lensmannen) på staden. Røynsla viser at elevane på desse klassestega ofte bruker sykkelen meir som leikety enn som kjørety. Tøysekjøring bryt ned respekten for trafikkreglane. Dette må motarbeidast - ikkje så mykje med forbod som ved å endre innstillinga hos elevane. Trygg Trafikk gjev opplysning om materiell som er utarbeidd for dei ulike aldersstega. Statens informasjonsteneste har framlegg om korleis ein kan leggje opp undervisninga i sjøvett, og gjev opplysning om materiell til denne undervisninga. Ungdomssteget. 7.-9. (10.) klassesteget Trafikkopplæringa på ungdomssteget skal ta sikte på: - å utvide kjennskapen til våre evner og vår avgrensing som trafikantar, og styrkje viljen til å ta omsyn, vise ansvar og vere riddarleg i trafikken, - å gje kunnskap om ulike trafikkmiljø og trafikantgr upper og kor viktig det er med samarbeid, med utgangspunkt i at elevane er medtrafikantar, - å utvikle vidare den innsikt eleven har, til også å omfatte motordrivne kjørety. Forutan i samfunnsfag (orienteringsfag) må ein framleis gje trafikkopplæring i andre fag: kristendomskunnskap (kristendomen i det praktiske liv, ærefrykt for livet, solidaritetstanken), norsk (trafikkemne i skriftlege oppgåver, foredrag, forteljing om noko eleven har opplevd, diskusjonar og liknande), alkoholspørsmålet (tilpassingsproblem og -mekanismar, samfunnsmoral), heimkunnskap (førstehjelp, samarbeid). Ein del av dei emna som bør takast opp på 7.-9. klassesteget, vil høve godt i samband med yrkesorienteringa. Når ein gjennomgår sivile etatar, kan elevane lære om det arbeidet fyrstellet gjer for å tryggje trafikken til sjøs, lære om arbeidet til vegstellet, til politiet osv. I samband med praktisk yrkesorientering (utplassering) bør elevane få kjennskap til det arbeidet trafikkpolitiet gjer.
Skann 274 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 272». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/274/