SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 271 skann 273

271 \ høve til det. Det siste gjeld og for 4.-6. klassesteget, der hovudansvaret for opplæringa ligg på den læraren som har klassen i samfunnsfag (orienteringsfag) . 1.-3. klassesteget I denne alderen har barna stor respekt for autoritetar. Meir enn i nokon annan periode er det derfor viktig å få i stand eit godt samarbeid med foreldra, slik at det blir samsvar mellom autoritetane, og mellom liv og lære. Både foreldre og lærarar må vere nøye med at dei sjølv følgjer dei reglane barna lærer. I denne perioden er barna mest gå-trafikantar, og undervisninga må først og fremst sikte mot å lære elevane gå-reglane og øve dei i å følgje dei. Alt når elevane blir innskrivne på skolen, bør foreldra fa eit brev om trafikkopplæringa. I brevet kan ein ta opp behovet for trafikkopplæring, og særleg dei problema barnet møter på skolevegen. Ein gjer merksam på at straks skolen tek til, vil elevane lære dei viktigaste trafikkreglane, og korleis dei kan unngå dei farane som trugar i trafikken. Ein ber om å få greie på spesielle farar på skolevegen, så ein kan ta dei opp i undervisninga. Ein må streke under kor viktig det er at foreldra viser eit godt føredøme, og at foreldre og skole i samarbeid prøver å venje barnet til å følgje trafikkreglane. Ein bør og peike på kor viktig det er at barna har klede som er synlege i mørket når hausten kjem. Mange stader vil det vere naudsynt å tvare mot for tidleg sykling. Skolen bør kunne be om opplysning om eleven har sykkel /kan sykle. Undervisninga skal leggjast opp slik at barna får den kunnskap og praktiske dugleik som set dei i stand til å klare seg i trafikken. Dei må og lære å forstå kor viktig det er at dei ulike trafikantgruppene samarbeider. Undervisninga må vere : individuell; kvart barn far opplæring og øving i sitt eige trafikkmiljø (skoleveg og heimstadmiljø) , spesiell ; kvart barn far lære konkrete løysingar på alle sine spesielle trafikkproblem, aktuell; undervisninga tek opp problem straks dei er aktuelle for barna. Årsplanen for første klassesteget kan setjast opp slik: Første skoledagen: Brev med spørjeskjema til foreldra. Samtale med foreldre /barn om skolevegen. Utover hausten : Gå-reglane, skolebuss, mørkeproblem, glatte haustvegar, evt. også sykkelreglane. Om vinteren: Snø, is, mørkeproblem a) for barna, b) for bilistane. Om våren : Sykling, leik, eventuelt repetisjon. Siste skoledagen: Samtale om trafikkmiljøet der elevane skal vere om sommaren. Om dei aktuelle trafikkproblema for barna har skolen tre høve til informasjon : - opplysningar frå foreldra om kva rolle og problem barnet har i trafikkmiljøet, - kartlegging av trafikkmiljøet i skolekrinsen. Denne kartlegginga gjer tilsynslæraren for trafikkopplæring i kommunen eller ved skolen, eller lærarane ved skolen i fellesskap, i samarbeid med politiet, - det barna sjølv kan fortelje om trafikken. Barn kan ha problem dei vaksne ikkje ser. Kva for emne og når ein skal ta dei opp, rettar seg etter kva som er aktuelt for elevane. Det er naturleg å starte med heimstadmiljøet og skolemiljøet. Det hastar med å oppnå resultat, fordi barna opplever dei fleste av problema dagleg og må lære rett oppførsel i trafikken snarast mogeleg. Emna blir fordelte over tre år etter aktualitet og kor viktige dei er ut frå eit tryggleikssynspunkt. Ein fastset når ein skal ta til med undervisninga og når ein skal ha seinare repetisjonar. På desse klassestega skal det leggjast særleg vekt på praktiske øvingar i trafikken. Elevane må lære å forstå at trafikkreglar og skilt er laga for å verne trafikantane, og at politiet og skolepatruljen også er til for å hjelpe dei i trafikken. Elevane må få høve til å arbeide med det dei lærer, teikne skolevegen, byggje modell av gate- og vegkryss, lage trafikkskilt osv. Så langt det er forsvarleg, må elevane f å høve til å øve seg ute i trafikken medan læraren er medog rettleier. Skal ein oppnå eit godt resultat, må skolen ha god kontakt med foreldra og med politiet (lensmannen) på staden. Etter kvar undervisningstime bør foreldra orienterast gjennom brev (finst i emnemappene) . Munnleg orientering gjev ein på foreldremøte.
Skann 273 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 271». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/273/