SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 270 skann 272

270 Trafikkopplæring GENERELT OM TRAFIKKOPPLÆRING Trafikkopplæringa må ikkje berre ta sikte på at elevane skal lære innhaldet av trafikkreglane, men og på at dei i * praksis skal følgje reglane når dei ferdast på gater og vegar. Samfunnsutviklinga har ført til at elevane i grunnskolen har vorte trafikantar på mange fleire område enn før. Dei er ikkje lenger berre gå-trafikantar. Dei er med og aukar trafikken som syklistar, mopedistar, passasjerar i bil og buss, og som førarar og passasjerar i seglbåtar, robåtar, motorbåtar og snøgg-gåande passbåtar. Utviklinga i reise- og ferielivet har ført til at skolebarna ikkje lenger berre møter trafikkproblema på sin eigen heimstad, men også i andre delar av landet, stundom i utlandet og. Krava til trafikkopplæring i skolen har derfor vorte mykje større enn før og mykje meir differensierte. Trafikkopplæring er ikkje eit eige fag, og lærestoffet må integrerast i andre fag. Det er føresetnaden at lærarane på skolen skal gje trafikkopplæringa, i samarbeid med foreldre, politi, Landsrådet for Trygg Trafikk o.a. For kvar klasse bør det vere ein lærar som har hovudansvaret for trafikkopplæringa og syter for samarbeid med andre instansar. For skolar med maksimum timetal reknar ein med ca. 100 timar til trafikkopplæring fordelt på 1.-9. og eit frivillig 10. år. Gjennomsnittleg kan ein bruke B—lo timar pr. klasse om året til trafikkopplæring. Undervisninga må til kvar tid og på kvar stad leggjast opp med utgangspunkt i det behov barnet har for trafikkunnskap. Kva ein særleg skal leggje vekt på og progresjonen i undervisninga må rette seg etter trafikkmiljøet og den rolle barnet har i trafikken. Krava til trafikantane er ulike i byar og tettbygde strøk, i kystdistrikt og i innlandsdistrikt. Derfor må kvar skole arbeide ut sitt eige opplegg for trafikkopplæring ut frå det trafikkmiljøet barna møter på skolevegen og i fritida. Opplæringa må først og fremst sikte mot å dekkje dei behov barna har til kvar tid. Alt i skolealderen møter barna trafikken i ulike former i eit moderne samfunn, og derfor må skolen prøve å vernebu elevane slik at dei kan ferdast trygt kvar som helst her i landet og i andre land. I den alvorlege trafikksituasjonen vi har, og på grunn av alle ulykkene, må skolen i samarbeid med heimane prøve å lære barna å meistre dei problema trafikken stiller, og leggje eit godt grunnlag for korleis dei skal oppføre seg som vaksne trafikantar. Barnesteget. Trafikkopplæringa i barneskolen skal: - gje elevane praktisk øving i og kunnskap om trafikkmiljøet på heimstaden med hovudvekt på barnet i trafikken, - lære elevane å meistre trafikksituasjonar dei møter, - gje kunnskap om ulike trafikkmiljø og trafikantgrupper med utgangspunkt i at eleven sjølv er trafikant, - hjelpe elevane til å forstå kor viktig det er å bli gode trafikantar både av omsyn til andre og til seg sjølv. Frå dei er heilt små til dei når vaksen alder, må barna vernast mot trafikkfaren og fa den nødvendige kunnskap og trafikkultur ved kontinuerleg undervisning, øving og oppseding. Ansvaret for dette kviler i første rekkje på foreldra og på den obligatoriske skolen. Skolen får kontakt med barna når dei sju år gamle tek til på skolen. Dei har da alt fleire års røynsle som trafikantar. Det er ynskeleg om skolen kan medverke til at framtidige elevar får trafikkopplæring så tidleg som mogeleg. Oppgåva for skolen vil på den eine sida vere å lære barna trafikkreglane i teori og praksis, og på den andre sida å styrkje viljen til rett åtferd i trafikken og skape ei holdning til trafikkproblema som byggjer på kjensla av sosialt ansvar. Praktisk etterleving er grunnlaget for vanedanning. Her må skolen samarbeide med foreldre og føresette. Samarbeid må til om det skal bli eit godt resultat av trafikkopplæringa i skolen. Så tidleg som mogeleg må skolen søkje kontakt med foreldra for å sikre seg eit slikt samarbeid. Skolen bør dg samarbeide med politiet og med Landsrådet for Trygg Trafikk sentralt, og lokalt med distriktssekretærane og trafikkråda. På 1.-3. klassesteget høyrer trafikkopplæringa til heimstadlæra, men ein skal og gje trafikkopplæring i andre fag, når dei gjev
Skann 272 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 270». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/272/