SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 269 skann 271

B. Obligatoriske emne Dei obligatoriske emna er integrerte i planane for dei obligatoriske faga med unntak av klasseråds- og elevrådsarbeid som har eigne timar. Eit bestemt emne kan vere integrert i eitt eller fordelt på fleire fag. Emneplanane nedanfor gjev eit samla oversyn over lærestoffet, arbeidsmåtane og progresjonen i dei ulike emna. Dei skal vere til rettleiing for lærebokforfattarar og lærarar som skal handsame heile emnet eller delar av det. Planen for eit obligatorisk emne skal gjere det lettare å sikre at emnet som heilskap får den plassen det skal ha i undervisninga. Klassestyraren skal sjå til at dei obligatoriske emna blir tekne opp særskilt av lærarane i klassen. Dei ulike emna kan fordelast på eit klasse- Trafikkopplæring Alkohol, narkotika og tobakk (ANT) Miljø- og naturvern Yrkesorientering Klasserådsarbeid/elevrådsarbeid Familiekunnskap Forbrukarlære Ernæringslære Førstehjelp Tannvern Forplantninga lærarmøte kvart skoleår/semester.
Skann 271 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 269». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/271/