SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 24 skann 26

24 / lærebøkene Orientering til foreldra. Yrkesval Deltaking i diskusjonar og ordskifte. (synet på mann og kvinne i familie, arbeidsliv og samfunnet elles i ulike kulturar, kva stilling kvinna har i ulike land), naturfag (tilhøvet mellom mann og kvinne, den biologiske skilnaden), språk (kjønnsrollesyn i ulike tekster, kva stilling kvinna har i andre land). Lærebøkene må ikkje gje ei einsidig eller diskriminerande framstelling av oppgåvefordelinga mellom kvinne og mann, men gje realistiske og varierte identifikasjonsmønster både for jenter og gutar og såleis førebu til samarbeid og ansvarsdeling i heim, yrkes- og samfunnsliv. Foreldra må og bli orienterte om årsakene til at skolen legg så stor vekt på desse spørsmåla, slik at dei utan omsyn til den arbeidsfordeling dei sjølv har valt, forstår kor viktig det er at slike spørsmål blir drøfta. I denne samanhengen er det også viktig at skolen fortel om holdningane hos ulike generasjonar og legg stor vekt på det som gjer at den unge generasjonen har betre vilkår enn den eldre til å oppnå likskap mellom kjønna. Ein føresetnad for jamstelling mellom kjønna er økonomisk fridom. Skolen må derfor venje elevane til at det skal vere sjølvsagt at jenter og gutar far like god yrkesutdanning. Han må aktivt prøve å motverke yrkesval ut frå kjønns tradisjonar, og hjelpe kvar einskild elev til å realisere sine evner og anlegg uavhengig av kjønn. Det er naudsynt å oppmuntre både jenter og gutar til å vere med i diskusjonar og ordskifte. Dei skal bli førebudde til å delta i samfunnslivet, og skolen må lære dei å forstå at det er like naturleg at jentene skal vere med i det offentlege liv som gutane.
Skann 26 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 24». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/26/