SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 266 skann 268

266 Sosiale aktivitetar. Normer for sosialt samvære. Arrangement av klassemøte, foreldremøte og andre sosiale aktivitetar i skolen. ARBEIDSMÅTAR Arbeidsplanane i heimkunnskap må leggjast opp i nær tilknyting til dei andre faga. Kvart einskilt emne må ein sjå som ein del av eit heile. Døme: Når ein lærer om fisk, lærer ein både om fisk i kosthaldet og om stell og tillaging av fisk, men ein knyter også emnet til det elevane lærer om fiskeria våre i samfunnsfag og om fisk i naturfag. Planen for orienteringsfaget handlar og om dessa tinga. Heimkunnskap vil derfor ofte vere ein del av emneintegrerte opplegg. Særleg i orienteringsfaga, men også i kristendomskunnskap, forming, norsk og matematikk tek ein opp emne som det er nyttig å sjå i samanheng med heimkunnskap. Når ein vel arbeidsmåte, må ein ta omsyn til at faget har til mål både å utvikle ei viss innstilling og å gje kunnskap og dugleik. Det må vere samanheng mellom teoretisk og praktisk lærestoff. Ein skifter mellom klasseundervisning, gruppeundervisning og individuell undervisning. Ei orientering eller liknande kan ein gje i ein storklasse, og så arbeider elevane vidare i små grupper. Når lærestoffet er nytt, og særleg når det gjeld innøving av grunnleggjande teknikk og dugleik, er det best at alle elevane far gjere dei same praktiske øvingane i samband med gjennomgåinga (laboratorieundervisning). Elles høver gruppearbeid særleg godt i dette faget. Når ei gruppe er ny, må læraren fordele arbeidsoppgåvene i gruppa. Sidan må elevane sjølv lære seg til å fordele arbeidet og organisere gruppa slik at det blir til størst mogeleg vinning for gruppa og den einskilde. Skjema der elevane kryssar av for det dei har lært, vil vere til hjelp. Gruppesamansetninga kan endrast så ofte det er formålstenleg, gjerne fleire gonger i året. Kor mange elevar som kan ha praktiske øvingar samtidig, må rette seg etter undervisningsrommet og utstyret. Det vil oftast ikkje vere heldig med for store grupper. Når ein underviser i heil klasse, må ein dele opp klassen slik at nokre grupper har praktisk arbeid og andre arbeider med meir teoretiske oppgåver. Dei teoretiske oppgåvene må ha direkte tilknyting til dei same emna som ein arbeider med i dei praktiske øvingane. Oppgåvene må ha klår meining for elevane. Ei slik organisering skal også hjelpe elevane til å bli sjølvstendige. Elevane skal sjølv bruke faglitteratur, dei skal finne fram i kokebøker og andre oppslagsbøker og tilpasse stoffet dei finn til oppgåvene. Elevane må få høve til å eksperimentere med matvarer og teknikkar og deretter få hjelp til å analysere og vurdere resultatet og røynslene. Ein må ta utgangspunkt i dei røynslene elevane sjølv har gjort, det vil da vere lettare for elevane å nytte det dei lærer i sin eigen situasjon. HEIMKUNNSKAP OG ANDRE FAG Barnesteget . Den store kontaktflata heimkunnskap har til andre fag, kjem klårt fram på barnesteget, der faget er integrert i planen for orienteringsfag. I heimkunnskap bruker ein lærestoffet frå alle dei andre faga i praktiske oppgåver. Her bind ein saman emne frå ulike fag til eit heile og bruker dei i oppgåver som er knytte til det daglege livet og den aktuelle læringssituasjonen til elevane. 1.-3. klassesteget På dette steget er heimkunnskapsemna ein del av heimstadlære og orienteringsfag. Ein finn og kontaktpunkt: - til kristendomsfaget, der ein kan ta opp religiøs-etiske emne frå dagleglivet, når tilhøva ligg til rette for det, - til matematikk, der ein i økonomiundervisninga kan ta utgangspunkt i lommepengar og dagens prisar på ein del varer, og der dei far innføring i omgrep som mål og vekt, - til forming, der ein kan lage dekorasjonar og små gåver til spesielle formål, og der elevane lærer å bruke ulike materialar, - til morsmålet, når det gjeld munnleg eller skriftleg framstelling av oppgåver knytte til heimkunnskapsemne. 4.-6. klassesteget Kontaktpunkt ut over orienteringsfag: - til kristendomsfaget, der ein har mykje stoff som kan koordinerast når det gjeld kyrkjeåret og dei kyrkjelege høgtidene - tradisjonar i heimen når det gjeld jul, påske osv. Ein bør her prøve å skape ei motvekt mot den sterke kommersialisering av desse høgtidene. Familieetiske spørsmål høyrer og begge faga til,
Skann 268 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 266». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/268/