SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 265 skann 267

265 Sosiale tiltak i velferdsstaten: Barnekontroll, helseteneste i skolen, i bedrifter, legeteneste, sjukehus, eldreomsorg, trygder. Samfunnet/familien, ansvar og plikter. Stoff som bryt ned: Tobakk, alkohol, narkotika. Fullverdig kost : Enkel menylære. Lage og servere enkle, fullverdige måltid. Gryteretter, varme småretter, bakverk av grovt mjøl 0.1. Måltidet som trivsels- og hyggjemoment. Kosthaldsproblem i verda: FAO og WHO. Den grøne revolusjonen. Ureiningsproblem. Naturvern 7. klassesteget På 7. klassesteget skal ein gje undervisning i dei grunnleggjande prinsippa for matstell, kjøkenhygiene og tekstilhandsaming. Ernæringslære, varekunnskap og økonomi blir integrerte i det praktiske arbeidet. I samband med matstell legg ein vekt på orden og gode etevanar. . Samiske elevar må få undervisning i å stelle reinkjøt og i å lage retter som er typiske for sameområde. Undervisninga i 7. skoleåret må byggje på den kunnskapen elevane har frå før. Først trengst det ei grundig innføring i bruken av dei tekniske hjelperådene som finst på kjøkenet, og slike ting som oppvask og ordensarbeid må repeterast. Læraren må her passe på å leggje inn små praktiske arbeid som kan verke motiverande på elevane. Oppgåvene må vere aktuelle for elevar i 7. klasse. Emne : Ernæringslære. Repetisjon av næringsstoffa, matmelting og oppsuging. Kjeldene for dei ulike næringsstoffa. Ein legg vekt på vitamin, kalk, jern, protein og kjelder for umetta feitt. Kjøkenhygiene. Oppvask og reingjering rasjonelt og etter dei krav som helserådet set. Personleg hygiene på kjøkenet. Matstell. Vasking, reinsing og oppdeling av matvarer. Koking av ulike matvarer slik at dei tek vare på mest mogeleg av næring og smak. Steiking med og utan feitt. Bruk av panner og gryter med teflonbelegg. Steiking i panne, gryte, steikjeomn og grill. Jamning, røre, deig. Sausar og supper med og utan feitt. Dette skoleåret blir bakinga konsentrert om «nyttebakst» som brød, rundstykke, loff, bollar og smørbrødkjeks. Lokale mattradisjonar. Måltida. Frukost - formiddagsmat - matpakke. Desse måltida skal gje oss ein tredel av den maten vi treng på ein dag. Ein bør la elevane vurdere ein fullverdig frukost, og elles lage fleire ulike fullverdige frukostmåltid, med vekt på enkle kvardagsfrukostar. Planleggje arbeidsdelinga i ein heim. Middag : Hovudvekt på enkel, lettlaga kvardagsmat. Verdien av eit variert kosthald. Ymse tillagingsmåtar av kjøt, fisk, innmat og farsar. Det bør alltid serverast rå eller kokte grønsaker til middag. Bruk av heil- og halvfabrikat. Bruk av frukt og bær til dessert. Emneval og vanskegrad blir avmåta etter forholda på staden og kor flink klassen er. Kveldsmat: Bruk av middagsrestar. Småretter. Når elevane har gjennomgått dei grunnleggjande prinsippa for matlaging, bør dei sjølv få setje saman arbeidsoppgåver innanfor ei oppgjeven ramme som høyrer til interesseområdet deira: laurdagshygge, klassefest, fødselsdagsselskap, påskefrukost 0.1. Borddekking - bordskikk - servering. Servering på fat og porsjonsservering. Bordskikk heime og ute. Reiskapslære. Vanlege hushaldsreiskapar. Elektrisk komfyr, oppvaskmaskin, kjøleskåp, handmiksar, vaskemaskin, strykejern, rulle. Varekunnskap. Vanleg brukte matvarer, og matvarer ein gjerne vil ha inn i kosthaldet. Tekstilar i heimen. Hushaldsreiskapar. Studere varefakta eller anna varemerking, diskutere bruksområde, lagring og eventuelle vedlikehaldsmetodar. Økonomi. Rasjonelle innkjøp. Dagens pris på innkjøpte matvarer. Vurdering av pris i høve til næringsverdi og arbeidstid. Heimestell. Stell og vedlikehald av tekstilane på skolekjøkenet. Finvask av plagg som høyrer elevane til. Damping av bukse. Stell av skoty. Golvvask og støvtørking. Farar i heimen. Elektriske hjelperåder - plassering - leidningar - kontaktar. Oppbevaring av reingjeringsmiddel, medisinar, sprøytemiddel, reinsemiddel og andre giftige stoff. Brannsløkking, tilkalle hjelp.
Skann 267 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 265». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/267/