SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 267 skann 269

267 til matematikk, som framleis har mykje stoff felles med økonomiopplæringa i heimkunnskap og dei praktiske øvingane med mål og vekt, til morsmålet, når det gjeld å samordne stoff om andre land, korleis barn lever i andre land, andre lands skikkar osv. I skriftforming kan ein lage bordkort og innbydingar til små samkomer som blir arrangerte i heimkunnskapstimane, til kroppsøving, når det gjeld verdien av «trim» og mosjon i relasjon til eit fornuftig kosthald for å oppnå ei god helse, til forming, når det gjeld stell og vedlikehald av kleda til eleven, form og farge i heimemiljøet, dekorasjonar til spesielle høve osv. 7.-9. klassesteget På ungdomssteget, der elevane har mange faglærarar, vil faren for overlapping vere stor dersom ikkje faglærarane orienterer seg i fag som har emne felles, eller som grensar opp til eins eige fag. Heimkunnskap på ungdomssteget kan ha tilknyting til ei rekkje fagområde: - til geografi, der ein finn emne som dyrking og førekomst av dei viktigaste matvarene og andre kulturvokstrar, og normer for skikk og bruk i globalt perspektiv, - til historie, der ein finn emne som helsestell før og no, utviklinga i jordbruket, sosialarbeid før og no, - til kristendomskunnskap, der ein finn emne knytte til familielivet og bruken av fritida, - til samfunnskunnskap, der ein på ungdomssteget finn mange emne som er nærskylde med heimkunnskap, og der det er naudsynt at lærarane i dei to faga gjensidig orienterer kvarandre om sine undervisningsopplegg. Dette gjeld særskilt emne som kjem inn under omgrepet familiekunnskap, - til forming, der ein har emne som høyrer til bustadlære i begge faga, - til naturfag der emna matmelting, næringsstoffa, fosterutvikling og fødsel har tilknyting til emne i heimkunnskap, og til edruskapsopplæring, der ein i heimkunnskapstimane kan lage ymse alkoholfrie drikker, - til morsmålet, der særoppgaver fagleg kan høyre til heimkunnskap, medan det språklege høyrer til morsmålet, og lærarane i begge faga er med og vurderer arbeidet. LÆREMIDDEL Undervisningsromma må ha eit allsidig, tidhøveleg og praktisk utstyr. På barnesteget må undervisninga skje i rom med plass og utstyr til praktiske aktivitetar. På ungdomssteget må den undervisninga som omfattar mat- og kjøkenstell, skje i eit godt utstyrt undervisningskjøken. Skal ein kunne drive ei framtidsretta undervisning, må kjøkenet ha godt teknisk utstyr. Kjøkenet må og vere slik utstyrt at alle elevane kan utføre same arbeidet i innlæringsperioden. Kjøkenet skal og ha plass og utstyr til undervisning i barnestell og sjukestell, til bustadlære, reingjering og anna arbeid i ein heim. Det må finnast klassesett av lærebøker og rikeleg med oppslagsbøker som dekkjer alle sider av faget: ernæringslære, hygiene, matstell, reiskapslære, varekunnskap, forbrukarlære, økonomilære, familiekunnskap, bustadlære, barnestell, sjukestell. Det bør og finnast rikeleg med informasjonsmateriell og eit allsidig utval av matvareprøver, tekstilprøver, film, biletband, dias og materiale til skriftprosjektør. VURDERING Ved vurderinga skal ein følgje dei retningslinjene som er gjevne i kapitlet Vurdering i den generelle delen av mønsterplanen. Vurderinga tek utgangspunkt i skolen si generelle målsetjing, faget si spesielle målsetjing og eleven sine føresetnader på fagområdet, og ein må ta omsyn til dei undervisningsmetodane og arbeidsformene som er nytta. Ved vurdering av eleven si arbeidsevne i eit fag må ein ta omsyn til eleven sitt kjennskap til og dugleik i å utnytte faget sine hjelpemiddel, evne til sjølvstendig arbeid og til arbeid i grupper. Det er ikkje nok at læraren vurderer elevane sin arbeidsmåte og resultata av arbeidet deira, like viktig er det at elevane far øving i sjølv å vurdere. Den einskilde eleven sitt arbeid må vurderast med jamne mellomrom, både for å stimulere interessa for faget og for å gje rettleiing for vidare arbeid. Eit avslutta arbeid må vurderast snarast mogeleg. Vurderinga av elevane sin framgang i heimkunnskap må baserast på både det praktiske og det teoretiske arbeidet deira.
Skann 269 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 267». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/269/