SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 263 skann 265

263 oversikt over ulike varegrupper. Kvalitetsvurdering. Betalingsmåtar. Kjøpslova. Varedeklarasjonar og bruksrettleiingar. Vurdering av behov og tilbod. Reklame. Sjå og samfunnsfag, orienteringsfag og eigen plan for forbrukarlære. Økonomilære : Planfast forvaltning av verdiar. Pris, pengeverdi, rekneskap. Hushaldsrekneskap for einskild person og for ein familie. Budsjett, sparing og finansiering av større innkjøp. Familieøkonomi og samfunnsøkonomi. Vurdering av prisar på varer og tenester. Sjå og samfunnsfag, orienteringsfag og plan for forbrukarlære. Familiekunnskap: Forståing av kva funksjon individet har i familiegruppa og familien i samfunnet. Barnet i familien. Forholdet mellom generasjonane. Forståing for andre familieformer enn dei som er vanlege i vårt land. Sjå og samfunnsfag, kristendomskunnskap og plan for familiekunnskap. Bustadlære: Kunnskap om kva funksjonar bustaden har, og om bustaden som ramme om livet til familien og individet. Innreiing, stell og vedlikehald av ein bustad. Husleige. Sjå og forming og samfunnsfag. Barne- og sjukestell: Stell av spedbarn og småbarn. Barnemat. Barnevakt. Enkelt heimesjukestell. Mat til sjuke. Sjå og naturfag og orienteringsfaget. Sosiale aktivitetar: Ein legg vekt på godt samarbeid. Normer for oppførsel menneske imellom. Felles sosial verksemd på skolen. Kontakt med spesielle institusjonar i samfunnet, t.d. barnehage, skolar for funksjonshemma. Eldreomsorg. Øving i å organisere fritidssyslar for ulike grupper. Sjå og samfunnsfag, kristendomskunnskap og orienteringsfaget. Heimkunnskapsemna i barneskolen er inkorporerte i planen for orienteringsfaget. Emna kan og knytast til planane for heimstadlære, naturfag og samfunnsfag. Andre fagområde kan og trekkjast inn. Heimkunnskap er obligatorisk fag på 7. klassesteget. 1.-3. klassesteget Samvære og samarbeid. Barnet i høve til nære ting og aktivitetar i heim, skole og miljø. 4.-6. klassesteget Omsorg for velferda til ein sjølv og andre. Kjennskap til moderne produksjonsliv, og korleis det verkar på vårt daglegliv. Å yte tenester i heim og samfunn. Aktuelt stoff, bl. a. skikkar og tradisjonar som følgjer med helg og høgtid (jul, påske, fastelavn, advent osv.), gjev ofte utgangspunkt for verdfulle undervisningsopplegg i heimkunnskap. Dette bør utnyttast på alle steg i skolen. RETTLEIANDE ÅRSPLANAR 1. klassesteget Barnet og familien: Forhold, oppgåver, ansvar. Samansetjing og servering av skolemåltidet. Dekkje bord, vatne blomar, tørke støv. Bordskikk. Sunn kost. Vaske hender, pusse tenner rett. Framferd i typisk samisk heim (diminutiv i høfleg tiltale, ved fornamn, på vitjing i andre heimar, etevanar). Barnet og skolen : Forhold til kameratar og lærarar. Oppførsel, skikk og bruk. Høfleg framferd. Halde orden i eiga skoleveske, eigne bøker, eigne klede. Setje bind på bøker. 2. klassesteget Heim og familieliv på oldefar si tid: Hus, innbu, klede, skikk og bruk. Gammal reiskap. Samiske hustypar, reiskapar, skikkar. Tilhøvet til gamle og småbarn. Dei oppgavene barnet har i denne samanhengen : Vitje gamle. Lage små gåver, pene blomsterbukettar å ha med. Passe småbarn, leike med dei. Vanlege matvarer frå planteriket: Mjøl og gryn, frukt og grønsaker. Frå åker og eng til butikk og torg. Pris, varekunnskap. Bruk: Lage salat og råkost. Havregryn med mjølk.
Skann 265 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 263». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/265/