SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 262 skann 264

Heimkunnskap MÅL Undervisninga i heimkunnskap skal ta sikte på - å la elevane få innsikt i kva kosthaldet har å seie for helsa, å fremme ei positiv holdning til heim og familieliv og gjere elevane skikka til - å gjere elevane kjende med dei arbeidsoppgåvene som til vanleg finst i ein heim. å leve harmonisk saman med andre menneske, LÆRESTOFF Heimkunnskap skal gje elevane eit grunnlag for å kunne tilretteleggje sitt eige liv praktisk og sosialt. Til dette trengst det kunnskap og dugleik på fleire område. Undervisninga i heimkunnskap tek til på 1. klassesteget og held fram gjennom heile grunnskolen med emne og aktivitetar henta frå heirrij skole og samfunn. Heimkunnskap dekkjer ein del av desse emna aleine (t.d. matstell). Andre emne blir dekte i andre fag. Dei einskilde emna. Ernæringslære : Næringsstoffa og det kroppen treng av næring. Næringsinnhaldet i matvarene. Korleis ein skal tilretteleggje eit godt og næringsrett kosthald. Nasjonale og internasjonale kosthaldsproblem. Sjå og naturfag, orienteringsfaget og eigen plan for ernæringsundervisning. Hygiene: Personleg hygiene og hygiene i heimen. Smitteoverføring og helsefarlege mikroorganismar. Grunnlaget for gode hygieniske vanar. Sjå og naturfag og orienteringsfag. Matstell: Grunnprinsipp for vanleg matstell. Vasking, reinsing og oppdeling av matvarer. Koking, steiking, farsar, jamning, røre, deig. Lagring av matvarer. Servering. Bruk av heil- og halvfabrikat. Reiskapslære : Vanlege hushaldsreiskapar. Korleis reiskapane skal brukast. Tekniske hjelpemiddel. Spesialreiskapar. Elektrisiteten i hushaldet. Kjennskap til meir spesielle hjelperåder, t.d. grill og heilautomatiske maskinar. Sjå og naturfag og orienteringsfag. Varekunnskap : Ein gjennomgår alle vanleg brukte matvarer. Mjølk, egg, fisk, kjøt, grønsaker, frukt, kornprodukt, krydder og nytingsemne - handsaming og bruk. Vurdering av kvalitet og pris. Råvarer, halv- og heilfabrikat, bruk og vurdering. Kjennskap til industritillaging av matvarer. Forbruksvarer i andre grupper enn matvarer: hushaldsreiskapar, glas, steinty, vaskemiddel, tekstilar, møblar, sportsutstyr o.m. Sjå og forming og eigen plan for forbrukarlære. Forbrukarlære : Planfast innkjøp og bruk av varer og tenester. Korleis ein skaffar seg
Skann 264 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 262». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/264/