SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 260 skann 262

260 høyrer naturleg saman. For å utvikle evna til å oppleve musikk, bør elevane få rikeleg høve til å eksperimentere med lyd og rytmar og kombinere dette med rørsle. Kvart barn har sin eigen rytme, bestemt av faktorar som vekt, høgd og temperament. Ut frå rørsle er elevane i stand til å skape musikk og rytmar. Andre gonger er musikk stimulus som utløyser rørsle. Når ein lét elevane røre seg etter musikk, er det naturleg å skilje mellom friare og meir bundne rørsleoppgåver. (T.d. rørsleforming og folkeviseleik.) Mange av emna som blir drøfta i samband med fysikk, t.d. vektstenger, tyngdepunkt, balanse, dreierørsler, krefter, oppdrift i væsker osv., bør bli utnytta til å gje elevane større kunnskap om prinsippa som ligg til grunn for all rørsle, og dermed gjere dei betre skikka til å løyse rørsleoppgåver. Helsereglane bør få ein sentral plass i heimstadlære timane, og på høgre klassesteg vil anatomi og fysiologi gje elevane kunnskap om kroppen, bygnad, funksjon og vedlikehald. Ein god del av det teoretiske stoffet som elevane må lære i samband med orientering (kart, kompass, kartforståing osv.), blir gjennomgått i natur- og samfunnsorienterte undervisningsopplegg i andre fag. Mange andre emne, t.d. trafikk, naturvern, hygiene og arbeidsteknikk, grip inn i fleire av skolefaga og gjev vilkår for koordinert undervisning. Der forholda ligg til rette for det, må ein ta sikte på å samordne undervisningsopplegg for kroppsøving og helselære. ANLEGG, UTSTYR OG LÆREMIDDEL Undervisningsplass ute Skolen må kunne disponere areal til utandørsaktivitetar, t.d. fotball, handball, basketball, volleyball, friidrett og leik. Det bør også vere tilgjenge til skeisebane. Vidare må det vere høve til å bruke terreng der ein kan ha skiaktivitetar, orientering osv. I mange tilfelle kan ein leggje symjeopplæringa til badeplassar utandørs. Ofte er terrenget kring skolen lagleg for allsidig rørslerøynsle i og utanom skoletida. Undervisningsplass inne Undervisninga inne kan vere i gymnastikksal, kroppsøvingsrom, klasserom eller andre lokalitetar som høver for undervisning i kroppsøving. I einskilde tilfelle kan det komme på tale å byggje spesielle rom for meir eller mindre stasjonære apparat (grupperom for kroppsøving, trimrom) . Her i landet er det behov for å leggje symjeundervisninga i skoleåret til innandørshallar. Desse kan ha varierande storleik og standard. Utstyr og læremiddel Arbeidsplanane for kroppsøvingsfaget omfattar aktivitetar og læreemne frå eit vidt felt. Opplegget for faget vil derfor krevje varierande undervisningsformer og ulike arbeidsmåtar. Og såleis blir det behov for eit breitt register av læremiddel til dei ulike formåla. Ein treng reiskapar og apparat for grunnleggjande aktivitetar, t.d. kasser, bukkar, matter, satsbrett, balansebenker, svingtau, hoppetau, sandsekker, handvekter, vektstenger, svingstong, medisinballar, uteapparat for klatring o.a. Så må ein ha utstyr og ballar for ballspel og andre aktivitetar med ball. Det trengst elles utstyr og materiell for undervisninga i friidrett, symjing og orientering. Arbeid med drama- og rytmeaktivitetar krev spesielle hjelpemiddel. I skiopplæringa bør ein ha faste trasear og fast utstyr for arbeid med løype og svingteknikk. Det er ein fordel å ha hoppbakke i nærleiken av skolen. I skeiseundervisninga bør ein ha naudsynt materiell for lagspel. Hovudregelen er at ein baserer undervisninga i ski- og skeisesport på at elevane har utstyr. Det er likevel naudsynt at skolen har ein del ski- og skeiseutstyr til utlån. Av andre hjelpemiddel som trengst i kroppsøving, kan nemnast: Fagbøker, tidsskrifter, brosjyrar, tavler, diasframvisar, filmapparat, filmslyngjeapparat, anatomiske modellar, platespelar, magnetofon, plater, kassettar og filmband. Viktig er det også at ein har godt med rom og skapplass for reiskapar og utstyr. VURDERING Ved vurderinga skal ein følgje dei retningslinjene som er gjevne i kapitlet Vurdering i den generelle delen av mønsterplanen. Vurderinga tek utgangspunkt i skolen si generelle målsetjing, faget si spesielle målsetjing og eleven sine føresetnader på fagområdet, og ein må ta omsyn til dei undervisningsmetodane og arbeidsformene som er nytta. Ved vurdering av eleven si arbeidsevne i eit fag må ein ta omsyn til eleven sitt kjennskap
Skann 262 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 260». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/262/