SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 259 skann 261

259 Med verksemd i friluft skal elevane bli opplærte til å kunne ferdast trygt under skiftande forhold. Friminutta Dersom ikkje noko særs hindrar det, t.d. uver eller sterk kulde, skal elevane vere ute i friminutta. For dei fleste er det naturleg å finne avkopling i leik og ulike former for fysisk aktivitet. Det er derfor ei viktig oppgåve å utforme skoleplassen og området rundt skolen slik at elevane kan drive meiningsfylte og rekreasjonsskapande aktivitetar der i friminutt og fritid. Kroppsøvings-, idretts- og friluftsdagar I samband med årsplanlegginga bør ein ta sikte på å få med i planen heile dagar eller delar av dagar til fysisk fostring. Så langt det er mogeleg, skal desse dagane planleggjast med tanke på at dei skal vere ein naturleg del av kroppsøvingsprogrammet for skolen. Lokale forhold avgjer kva aktivitetar ein skal leggje vekt på. Anten dagane blir brukte til stemne, konkurranse, tur eller ekskursjon for ein klasse, fleire klassar eller heile skolen, bør dagsplanen vere slik at alle elevar blir tekne omsyn til. Det er ein hovudregel at merketaking ikkje skal arrangerast i skoletida. I dei ordinære kroppsøvingstimane bør det heller ikkje vere trening med direkte sikte på å ta del i konkurransar. Om bruk av uteapparat Skolane har bruk for uteapparat som kan nyttast i friminutta og etter skoletid. Slike apparat er spesielt viktige for skolar som ikkje har gymnastikksal. Vel ein rette apparattypar, kan ein stimulere og leie elevane til formålstenlege rørsleog aktivitetsformer. Apparata må vere dimensjonerte slik at dei kan brukast av barn i alle aldrar i grunnskolen. Dei fleste elevar har behov for å trene opp heng- og hevmuskulaturen. Derfor er gymnastikkapparat som krev hanging, klatring osv., alltid aktuelle, t.d. svingstong, ringar, armstigar, klatrestativ, balansestokkar, bilring i tau osv. Slike apparat kan vere faste eller flyttbare. Dei kan monterast i uvérsskur inntil vegg, på leikeplassen eller i terrenget. Ofte er det ein fordel å spreie apparata og få små elevgrupper i aktivitet ved kvart apparat. Mange stader byr naturleg terreng og nære omgjevnader på gode vilkår for variert og morosam kroppsøving. Grasbakke, stokk og stein, stubbar, fjellvegg, tre osv. kan vere gode hjelpemiddel for eit variert kroppsøvingsprogram. Ei fast montert hinderløype kan by på oppgåver og utfordringar som passar for den einskilde eleven. Også utanom skoletida kan uteromma for kroppsøving ved skolen få viktige funksjonar for barn, ungdom og vaksne som soknar til skolen, dersom utomhusanlegga blir planlagde, opparbeidde og utstyrte med tanke på variert fysisk aktivitet. Hjelpe- og støttetiltak Elevar som treng ekstra tid og hjelp til si fysiske utvikling, skal få dette som hjelpeog støtteundervisning. I mange tilfelle er det naudsynt å gje slik undervisning til elevar som av ulike grunnar er hemma i kroppsøvingstimane. Det kan vere elevar som har hatt langt sjukefråvære og derfor er i dårleg fysisk form, generelt eller spesielt, elevar med holdningsfeil, elevar med manglande dugleik. Kven som treng slik undervisning, kven som skal gje støtteundervisning, og korleis denne undervisninga bør vere, er det ynskjeleg å finne ut i eit etablert samarbeid mellom skolelege, helsesyster, fysioterapeut, klassestyrar og kroppsøvingslærar. Foreldra må også bli kontakta. Så langt det er praktisk gjennomførleg, skal støtteundervisninga samordnast med kroppsøvingstimane elles. På den måten får elevane ha kontakten med klassekameratane samtidig som tilbakeføringa til vanleg undervisning blir forenkla. Det er elles viktig å passe på at vilkåra ligg til rette for diagnostisk arbeid når det gjeld kropp og helse til elevane. Elevar som treng det, må kunne få grundig undersøking hos skolelegen. Kroppsøving og andre fag Mykje av stoffet ein arbeider med i kroppsøvingstimane, kan bli underbygd og utdjupa i andre timar, og omvendt kan kroppsøvingslæraren få idear til arbeidsoppgåver gjennom stoffet som elevane arbeider med i andre fag. Eit planfast samarbeid mellom lærarane er eit vilkår for at dette skal lykkast. Naturopplevingar og opplevingar som elevane har i arbeidet med t.d. litterære og historiske emne, kan bli utgangspunkt for dramatisering. Slik aktivitet hjelper elevane til å trengje djupare inn i stoffet dei arbeider med. Det same gjeld rim og regler som utgangspunkt for rørsleforming. Rørsle og musikk
Skann 261 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 259». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/261/