SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 258 skann 260

258 Arbeid i grupper Elevane skal lære å arbeide saman i grupper. Eit samarbeid om løysing av rørsleoppgåver gjev rom for rikare rørslerøynsle og større skjønsemd for eigne og andre sine måtar å røre seg på. Arbeidet må ta sikte på løysingar som krev best mogeleg utføring og/eller best mogeleg samarbeid. Gruppearbeid i kroppsøving har ofte mykje å seie for sosial utvikling hos elevane. Storleiken på gruppene må variere etter emna eller oppgåvene ein arbeider med. Slik organisering hindrar ikkje at elevane i kvar gruppe er opptekne av individuelt arbeid. Arbeidet i mindre grupper gjev spesielle vilkår for differensiering. Ofte er det formålstenleg at to og to arbeider saman. Skal kvar gruppe fungere så godt som mogeleg, bør somme gonger elevane og andre gonger læraren avgjere korleis gruppene skal setjast saman. Ein må unngå at elevane blir ståande og vente på å sleppe til med øvingar og aktivitetar. Klasseundervisning/storklasseundervisning Klasseundervisning, eventuelt storklasseundervisning, er ei rasjonell organiseringsform når ein skal gje ei felles orientering til alle elevane eller gje dei ei oppgåve som skal bli grunnlag for vidare arbeid i grupper eller for individuelt arbeid. Rettleiing/instruksjon Elevane bør fa rikeleg tid til å øve og eksperimentere. Oppgåver og rettleiing bør vere slik at elevane sjølv oppdagar kva som er formålstenlege rørsler. Elevane kan lære mykje av å etterlikne andre, og derfor er det viktig at læraren far elevane til å observere og vurdere måtar som andre løyser oppgåver på. Læraren bør vere særleg merksam på dei elevane som alltid vel den minst krevjande måten å løyse ei oppgåve på. Ros og oppmuntring kan gje dei større sjølvtillit og mot til å ta fatt på meir krevjande oppgåver. Det er læraren som må finne fram til den rette balansen mellom arbeid som er inspirert av naturleg aktivitetsbehov hos elevane, og arbeid som i større eller mindre grad læraren er leiar for. Til vanleg er det naudsynt med arbeid skiftevis her. Oppgåveløysing I arbeidet med å løyse rørsleoppgåver finn ein ofte at ulike løysingar er mogelege. Ein kan såleis ikkje setje opp ei løysing som den einaste rette. Er ei oppgåve forholdsvis snever, kan ein likevel få fram meir bestemte rørslesvar. Trygging Det er ei viktig oppgåve å hindre ulykker på arbeidsplassen. I alt arbeid må elevane lære å ta vare på seg sjølv og vere omsynsfulle mot kvarandre. Saman med læraren skal elevane passe på at apparat ikkje er monterte eller plasserte slik at dette kan føre til at nokon blir skadd. Arbeid med rørsleoppgåver skal ta sikte på å gje elevane ei allsidig styring over kroppen sin slik at dei også blir i stand til å møte nye og uvanlege situasjonar. Derfor er det viktig for elevane at undervisninga er slik at dei sjølv må ta standpunkt til oppgåveløysingar og lære seg til å vurdere risikomomentet. Arbeider ein med mottakarar, må desse få opplæring i korleis dei skal ta imot. Hygiene Hovudregelen er at læraren ser etter at elevane skifter til klede som er mest mogeleg formålstenlege for aktiviteten. Ein syter for at elevane får rimeleg tid til dusj eller frottering etter kroppsøvingstimen. I visse former for leik og idrett kan likevel elevane bruke dei vanlege kleda sine. Fysisk fostring i fritida Ein må ta sikte på at elevane på skolen far så mange impulsar, positive opplevingar og kunnskapar at dei far lyst til å drive ymse former for fysisk aktivitet på eiga hand. Undervisninga i kroppsøving må vere med å skape ei positiv innstilling hos elevane, gje dei interesse for og lyst til å dyrke friluftsliv og drive idrett og andre former for fysisk utfalding også etter at skoletida er slutt. For å nå dette målet må ein del av undervisninga ta sikte på å fa elevane til å utnytte det som dei lokale forholda kan by på. Når elevane er nok motiverte, bør læraren gje oppgåver som dei kan arbeide med heime. Gjennom praktiske øvingar og tiltak skal elevane bli kjende med idretts- og mosjonsformer som kan gje dei varig positiv holdning til friluftsliv. Skolen skal lære elevane å respektere og forstå verdiane som naturen representerer, slik at dei kjenner personleg ansvar for naturvern.
Skann 260 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 258». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/260/