SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 23 skann 25

23 samfunnet og få opplysningar og røynsler som kan bli til hjelp når dei skal velje vidare utdanningsvegar. Utplasseringa vil og gje elevane innsikt i det nettverk av yrke som driv samfunnsmaskineriet, og leggje grunnen til forståing og respekt for dei ulike yrke. Kunnskap og vanar, dugleik og inn- Skolen skal gje alle elevar ei grunnleggjande utdanning. Utdanninga omfattar dugleik og kunnskap, vanar, innstillingar og verdiar som er viktige for ei personleg utvikling og for evna til å påverke og leve i dagens og morgondagens samfunn. Eit vilkår for det er at elevane også blir opptekne av problem og oppgåver som ligg utanfor området til heimen og skolen. stillingar. Jamstelling mellom kjønna Same krav for begge kjønn. Skolen byggjer si verksemd på prinsippet om likeverd mellom dei to kjønna. Det vil seie at jenter og gutar skal vere jamstelte i skolen. Dei skal kunne vere saman i felles klasse /gruppe, dei skal ha likt timetal og lik undervisning i dei obligatoriske faga, same rett til å velje frivillige fag, og dei skal ha dei same rettar og dei same plikter på alle andre område i skolen. Skolen må i klasseråds- og elevrådsarbeid og i prinsippet på alle fagområde og på alle steg krevje det same av begge kjønn. Når klassar og grupper skal setjast opp, bør ein så langt det er praktisk gjennomførleg, plassere jenter og gutar saman. Ein bør heller ikkje dele etter kjønn i timane i til dømes forming og heimkunnskap. Når barna byrjar på skolen, har dei fleste alt bestemte oppfatningar om at visse eigenskapar og visse interesser høver betre til det eine kjønnet enn til det andre. Skolen bør derfor på alle klassesteg ta opp spørsmålet om kjønnsroller. Temaet i dei På barnesteget er det først og fremst læraren som bør samtale med elevane om slike spørsmål i alle fag der dette høver. lågare klassane. På ungdomssteget bør jamstellingsspørsmåla vere eige tema. Ein må gå nøye inn på årsakene til og konsekvensane av at menn og kvinner har ulik stilling i familien, i arbeidslivet og i samfunnet elles. Lærarane må prøve å få elevane interesserte i emnet og stimulere dei til sjølv å samle opplysningar og bakgrunnsstoff frå filmar, radio, fjernsyn, bøker, vekeblad, reklame, aviser og debattar. Dei opplysningane som elevane skaffar seg, kan gje bakgrunn for foredrag, diskusjonar, dramatisk verksemd og skriftlege arbeid. Læraren bør og hjelpe elevane med å velje litteratur som kastar lys over emnet frå ulike sider. Eige tema i dei høgare klassane. / dei ulike fag. Norskfaget gjev mange høve til å ta opp emnet. I heimkunnskap og samfunnskunnskap bør ein gje eit nyansert bilete av livet og gjennom sakleg opplysning motverke diskriminerande førestellingar. I vår tid vil det vere særleg aktuelt å streke under det felles ansvar gutar og jenter har for oppgåver i heimen. Temaet bør også drøftast i samband med andre fag, t.d. kristendomskunnskap (menneskerettane, ungdom og seksualliv, kva syn på kvinna dei ulike religionar har), historie (kva stilling kvinna har hatt gjennom tidene), geografi
Skann 25 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 23». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/25/