SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 256 skann 258

256 ulike måtar. Kast med ymse slag reiskapar og ting: Erterpose, stor ball, liten ball, stein, snøball osv. Grunnkast, svingkast, støyt. Stafettløp. Symjing. Øve seg opp til å bli trygg i vatn. Måtar å komme ut i vatnet på. Sjå under vatn, puste ut under vatn, halde pusten og andre tilvenjingsøvingar. Vise omsyn. Flyteøvingar med beintak. Hundesymjing. Brystsymjing. Individuell trening. Orientering. Tur i skog og mark. Terrengleikar. Øve seg opp til å bli fortruleg med terrenget. Kart over klasserom, skole, skoleområde, og over dei nærmaste omgjevnadene med vegar, stigar, bygningar osv. Kartlesing i terreng. Enkel løypeorientering. Himmelretningar. Sentrale drag ved kompasset. Ski. Bli fortruleg med snø, kulde, utstyr og terreng. Stell av ski. Skiene på og av. Korte turar med innlagde leik- og treningsaktivitetar. Måtar å falle på. Reise seg. Korleis ein går i motbakke og på flatmark. Kjøring i mindre bakke. Vending på flatmark. Sving gjennom enkle portar. Førebuande hopping. Skeiser. Bli fortruleg med is og utstyr. Skeisene på og av. Rørslerøynsle på isen, einskildvis og i gruppe, t.d. gå parvis på linje og halde kvarandre i hendene, gå i takt. Bremse- og stoppemåtar. Måtar å svinge på. Å gå bakover. Leik på isen, t.d. hauk og due, sisten. Drama- og rytmeaktivitetar. Imitere og dramatisere rørsler og hendingar frå dagleglivet, arbeidslivet og naturen. Eksperimentere med rørsler som varierer i tid, styrke, høgdeplan og retning. Arbeide einskildvis og parvis etter som det fell naturleg. Eksperimentere med lyd, rytmeinstrument og musikk. Dramatisere songar, rim og regler. Øve rytmesansen. Songleikar. Andre emne og aktivitetar. Badevett, naturvett, båtvett, isvett. Ulike former for leik. Enkle helseråd. Trafikktryggleik. 4.-6. klassesteget Grunnleggjande aktivitetar. Å øve opp ledugskap, styrke, spenst og uthald. Enkle treningsreglar. Arbeidsteknikk : Arbeid i sitjande og ståande stilling. Skifte arbeidsstilling. Spenning - avspenning. Lyfte og bereteknikk, individuell og i flokk på ulike typar underlag (sommarføre, vinterføre, trapper, motbakke osv.). Holdning. Enkle prinsipp for bruk av kroppen. Ballspel. Handball, basketball, fotball, volleyball. Brennball, langball, høvdingball og andre ball-leikar. Friidrett. Løp med varierande tempo. Startøvingar. Sprintløp. Stafettløp. Hopp med sats på eitt bein eller begge bein. Lengdehopp. Høgdehopp. Kast med liten og stor ball. Slengball. Symjing. Symjeøvingar i vatnet. Brystsymjing. Brystcrawl. Ryggcrawl. Hopp- og stupøvingar. Vending i basseng. Dukking. Undervasssymjing. Orientering. Kart og kompass. Kartteikn. Kompasset. Orientere kartet. Kompassmarsj. Miniatyrorientering på/ved skoleområdet. Linjeorientering, løypeorientering, poengorientering. Avstandsvurdering. Enkel friorientering. Ski. Utstyr. Smøring. Ryggsekk. Godt varierte treningsopplegg for dei einskilde disiplinane : Langrenn, slalåm, hopp. Turar. Skeiser. Stell av skeisene. Differensierte øvingar for dei ulike skeiseaktivitetane: Hurtigløp, kunstløp, lagspel (hockey-pockey, bandy og ishockey). Isen og livberging på isen. Turn. Enkle øvingar i/på sprangreiskap, matte, ringar, bom, skranke. Drama- og rytmeaktivitetar. Vidareføring av arbeidet på 1.-3. klassesteget. Leggje vekt på rørsleminne. Lage rørslemønster som varierer i tid, styrke, høgdeplan og retning, og kunne ta dei opp att. Arbeide einskildvis og parvis, men også i gruppe når det fell naturleg. Sjølv velje og bruke rytmeinstrument i samsvar med eige rørslemønster eller med andre sine. Vidareføring av arbeid med å dramatisere emne henta frå litteratur, musikk, forming
Skann 258 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 256». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/258/