SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 255 skann 257

255 styrke og ledugskap. Det bør derfor leggjast stor vekt på grunntrening i ungdomsskolen. Dei grunnleggjande aktivitetane blir vidareførte på ungdomssteget. Arbeidet med drama- og rytmeaktivitetar blir utvida etter kvart. Det same gjeld lagspel og individuelle ballspel. Ein legg no meir vekt på teknikk, taktikk og reglar. Emne og aktivitetar elles er nemnde nedanfor. Friidrett: Løp på bane og i terreng, stafett, hopp, kast. Orientering : Kart og kompass, inne og i terrenget. Ulike former for orientering. Ski: Løype- og svingteknikk, hopping og leikøvingar. Skeiser: Leikøvingar og tekniske øvingar. Grunnleggjande prinsipp for kunstløp og hurtigløp. Symjing: Vidare øving. Teori : I tilknyting til praktisk arbeid i kroppsøving og andre fag. Rørslelære og arbeidsteknikk. Treningslære. Trening og helse. Ernæring. Kjennskap til idrettsorganisasjonane. Livberging. Fjellsikring. Førstehjelp. Naturvern. Ein del elevar på dette alderssteget far etter kvart mindre lyst til å vere i rørsle. Ein må prøve å komme slike elevar i møte på ein taktfull måte med individualisert undervisning og interessevekkjande arbeidsformer. I mange tilfelle er den spontane gleda ved dramatisering og rørsle til musikk og rytme noko å byggje på. Planen og den einskilde eleven. Når det gjeld dei grunnleggjande aktivitetane på alle klassestega i grunnskolen, må ein ta sikte på å gje elevane høve til å øve, utfalde seg og hauste allsidig rørslerøynsle. Dette gjeld også idrettsaktivitetar, ikkje berre grunnleggjande rørsleopplæring og grunntrening. Øvingar, emne og aktivitetar blir behandla gong etter gong i skoletida, og da i ein naturleg progresjon. Oppgåvene må vere tilpassa behov og yteevne hos elevane. Den einskilde eleven må få kjensla av å lykkast i arbeidet i kroppsøvingsfaget. Ein bør også gje kunnskapar og impulsar slik at elevane blir oppmuntra til å halde fram med idrettsaktivitetar på eiga hand etter at dei har gått ut or skolen. RETTLEIANDE ARBEIDSPLANAR Kroppsøvingsplanen skal vere eit retningsgjevande program for fysisk fostring i grunnskolen. Det er ein føresetnad at dei som skal bruke planen, forstår å vurdere den aktuelle undervisningssituasjonen og er innstilte på å tilpasse planen etter dei lokale tilhøva. Samansetjinga av klassar og grupper i kroppsøving spelar ei stor rolle for organiseringa av arbeidet. Ein kan i norske skolar rekne med stor variasjon i undervisningssituasjonen: eitt eller fleire årskull i same klasse, jenter og gutar samla eller skilde, ulike dugleiksnivå, ulike interesser og stimulansar i miljøet osv. Opplegget for undervisninga blir gjort med tanke på behovet hos den einskilde eleven. Når ein bruker retningslinjene i planen for dei einskilde disiplinane, er det heilt naudsynt først og fremst å ta omsyn til eigenart, dugleiksnivå og yteevne hos den einskilde eleven. 1.-3. klassesteget Grunnleggjande aktivitetar. Allsidig rørslerøynsle Gå, springe,, hoppe, hinke., rulle, balansere, krype, smyge, klatre, hange, slenge, svinge, entre, skli o.a. Allsidig grunntrening i Uthald,, styrke og ledugskap Arbeidsteknikk: Lyfte, bere, dra; flytte på ting; arbeidsstillingar, sitjestillingar; lettare fysiske aktivitetar som innslag og avbrot i teoretisk undervisning ; spenning - avspenning. Ballspel. Kaste, fange, gripe erterposar, ballar. Stusse og støyte ball. Behandle ball med hender, føter og andre delar av kroppen. Ball-leikar og ballspel. Friidrett. Enkle øvingar som utviklar evna til å springe, hoppe og kaste. (Jogge, spurte osv.) Springe på ulike måtar. Satse og lande på
Skann 257 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 255». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/257/