SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 254 skann 256

254 grunnlag for seinare holdning til arbeid og samkvem med menneske. Dramatisering bør også komme med frå 1 . klasse. Her kjem skapartrongen hos barnet til sin rett og gjev fantasien spelerom. Ein må prøve å ta vare på den spontane rørsleutfaldinga frå førskolealderen og etter kvart leggje vekt på også å utvikle meir medvitne kroppslege uttrykksmåtar. Der tilhøva ligg til rette for det, kan ein stor del av undervisningstida bli brukt til aktivitetar på snø og is. Så tidleg som mogeleg i småskolen startar ein med symjing. Dei fleste stader må ein konsentrere symjeopplæringa til kurs inne eller ute. Får ein disponere symjehall, kan symjetimane bli fordelte over heile året. Det er mykje som talar for at ein bør leggje relativt mange kroppsøvingstimar til symjehallen når det gjeld dei lågare klassestega. Symjing kan vere ein særs verdfull aktivitet for elevar med fysiske funksjonshemningar. Kroppsøvingsplanen for 1.-3. klassesteget skal også omfatte noko teoretisk stoff. Hovudansvaret for trafikkopplæringa er lagt til orienteringsfaget og samfunnsfaga, men somme emne høyrer også inn under kroppsøvingsfaget. Jfr. plan for trafikkopplæring, 1.-3. klassesteget. Om lærestoffet for 4.-6. klassesteget Elevane på mellomsteget har større føresetnader enn småskoleelevane til å lære seg motorisk tame. Mange legg i denne tida for dagen stor interesse for skapande verksemd. Elevane er gjerne interesserte i idrettsaktivitetar og er opptekne av det som skjer i idrettslivet. Elevane er ivrige etter å bruke initiativ og skaparevne, vere oppfinnsame, kvar for seg og i samarbeid med andre. Muskelstyrke, uthald og ledugskap blir utvikla gjennom arbeid med naturlege rørsleoppgåver. I denne perioden er det særs viktig at barna får bruke god tid til å øve opp dugleik i flest mogeleg aktivitetar. Elevane må få spesiell hjelp når det trengst. Drama- og rytmeaktivitetar bør få stor plass. Leiken er framleis svært viktig. Leikar som øver opp reaksjons- og konsentrasjonsevna, t.d. ballspel, får no større plass. Lagspel kjem også meir inn i bilete etter kvart. Ein får øving i teknikk og taktikk, men sjølve spelet er det viktigaste. Orientering er det naturleg å koordinere med opplegg i heimstadlære, orienteringsfaget og samfunnsfag (geografi). Ein legg vinn på å komme ut i terrenget så tidleg som mogeleg og få øving i kartlesing og bruk av kompass der. Hausten er den beste tida for slike terrengaktivitetar både på grunn av klimatiske forhold og fordi ein da uroar naturen minst (om våren er det spiring, reirbygging, ruging osv.). Skiundervisninga bør byggjast opp slik at terrenget gjev naturlege utfordringar til stor aktivitet og aukande vanskegrad i øvinga. I skeiseundervisninga bør det leggjast vekt på leikøvingar og på variasjon i øvingsformene. Også i symjing gjeld det å utvikle allsidig tame i samsvar med føresetnaden for den einskilde eleven. Livbergingsøvingar blir no innførte i symjeopplegget. I tilknyting til praktisk arbeid i kroppsøving og andre fag kan ein undervise i teoretiske emne som rørsle og treningslære, førstehjelp, helsereglar, samanhengen mellom kroppsleg yting og kaloribehov, enkel kostlære, kroppsøving under nedsett helsetilstand osv. Viktig er det også at elevane får orientering om arbeids- og kvilestillingar, enkel arbeidsteknikk osv. Også' på desse aldersstega skal ein ta med emne som har tilknyting til trafikklære, naturvern og førstehjelp. Like eins omtalar ein naturvett med vekt på kunnskap om ferdsel på is, på fjellet, ved sjøen osv. Om lærestoffet for 7.-9. klassesteget Dei fleste elevane i ungdomsskolen gjennomgår pubertetsforandringar. Merksemda blir retta mot eigen kropp, på grunn av dei store forandringane. På dette alderssteget er elevane ofte interesserte i forhold som kan verke stimulerande på den kroppslege utviklinga i positiv lei, og det er naudsynt at den einskilde eleven oppfattar emne og aktivitetar som meiningsfylte for seg. Den praktiske verksemda bør kombinerast med teoretisk lærestoff om hygiene, helse- og treningslære og om plassen mennesket har i heile livssamanhengen. Pubertetsalderen er den beste tida for å utvikle kroppslege eigenskapar som uthald,
Skann 256 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 254». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/256/