SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 253 skann 255

Kroppsøving LÆRESTOFF Undervisninga i kroppsøving skal gje elevane innføring i ulike former for leik, rørsleforming, idrett og friluftsliv og kjennskap til grunnleggjande prinsipp for rørsle og trening. Planen tek omsyn til dei varierande tilhøva som finst i landet vårt når det gjeld natur og terreng, og når det gjeld rom, utstyr og hjelpemiddel for faget kroppsøving. Med lærestoffet tek ein sikte på å la elevane fa kjennskap til bygnaden og funksjonen til kroppen, rettleiing i korleis ein kan øve for å utvikle og halde ved like kroppslege eigenskapar, og orientering om generelle helseforhold. Det skal på alle klassesteg vere tilpassa undervisning om formålstenleg trening og formålstenlege rørsler (holdning, stillingar og arbeidsteknikk) . Lærestoffet tek utgangspunkt i situasjonen til elevane, med dei biologiske og mentale draga som særmerkjer dei ulike aldersstega. Undervisningsprogrammet for kroppsøving kan grupperast i treårsbolkar : 1.-3. klassesteget 4.-6. 7.-9. Det er ein føresetnad at undervisninga i kroppsøving blir koordinert med undervisningsopplegg som har tilknyting til andre fag der det fell naturleg. Om lærestoffet for 1.-3. klassesteget Elevane på det lågaste steget i grunnskolen har stor trong til aktivitet og eksperimentering. Barnet har behov for å bruke kroppen i ulike situasjonar. Eit anna drag er det at det nevromuskulære systemet ikkje er ferdig utvikla. I planen for 1.-3. klassesteget blir det lagt stor vekt på å gje elevane grunnleggjande og allsidig rørslerøynsle med di ein i stor mon gjev plass for enkle rørsleoppgåver, oftast i leikform. Elevane må bli kjende med grunnleggjande rørsleformer som å springe, hoppe, klatre, kaste, skli osv. Idrettsaktivitetar er med alt frå dei første klassestega i grunnskolen med ballspel, friidrett, symjing, orientering, ski og skeiser, rett nok med små krav til form. Leiken er hovudaktiviteten i småklassane. Elevane likar gjerne enkle apparatøvingar. Her må ein unngå å stille krav til form for tidleg. Småapparata høver godt til ulike typar aktivitetar på dette alderssteget. Barn i denne alderen er impulsive, og det dei opplever i denne tida, er med på å skape MÅL Undervisninga i kroppsøving skal ta sikte på Ein prøver å nå målet for faget gjennom allsidig verksemd som — å fremme harmonisk vekst og utvikling, - utløyser, stimulerer og held ved like det — å hjelpe elevane til å ta vare på kroppen og bruke han riktig, — å la elevane få stetta trongen dei har for kroppsleg aktivitet i funksjonell og skapande verksemd, — å utvikle lyst til leik, idrett, friluftsliv og andre f ormer for fysisk aktivitet. naturlege behovet for rørsle hos elevane og gjer det mogeleg å utvikle uthald, styrke og ledugskap, — gjev høve til å utvikle sjølvdisiplin, hjelpsemd, samarbeids- og leiarevne, - skaper trivsel og glede.
Skann 255 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 253». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/255/