SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 248 skann 250

248 Samansetjing er hovudsak: Synlege skruar, metall- eller trenaglar. Eller innfelling, liming. Drøfting på grunnlag av skisser og materialforsøk. Metallskulptur : Byggjeleik med bitar av tynt jernblekk eller sink. To elevar saman loddar. Tilsvarande byggjeleik med trebitar. 7.-9. klassesteget. M aske binding : Vidareføring av hekling og strikking. - Mønstereksperiment, med tanke på å lære seg å forstå betre korleis ein kan oppnå mønsterverknader med hjelp av grunnteknikkar. Formeksperiment : Endre forma på ei flate, gjere ho smalare, breiare, vidare. Dei formene og fargane som eleven eksperimenterer seg fram til, kan så brukast til å lage ein ting, til hyggje eller nytte. Vev: Problemstilling som på 4.-6. klassesteget. Etter kvart meir målmedvite arbeid med stofFstruktur, material- og fargeverknad. Fleire vevtypar. Rikeleg fargeutval i formålstenlege materiale. Medviten oppbygging i bilete eller skulptur, ordne formelement til ein planlagd heilskap. Også nonfigurativ biletbygging. Eller eit bilete der motivet oppmodar til geometrisk oppbygging, t.d.: «Loftsvindaugeutsyn over gammal by». Lyshaldar av stongjern. Bitane blir klinka i tydelege samanføyingar. Konstruksjonen blir poengtert. Papir konstruksjon : Papirskjener blir samanføydde med snøgttørkande lim til djerv tårnkonstruksjon. Arbeid i tomannslag. Foto : Motivval. Biletkomposisjon. Utsnitt og avmasking. Lys og skugge endrar komposisjonen. Mogelege påverknader ved framkalling og forstørring. F u n k s j o n er leiande tanke i døma nedanfor. Kva skal tingen brukast til ? Kva kan ein da lage han av, og korleis bør han utformast for å bli mest mogeleg brukbar? 4.-6. klassesteget. Klede, særleg aktuelt frå 6. klasse. Sydd av bomullsty e.l. Forkle, tørkle, skjørt, tunika, kjole i moteriktig fasong. Stoff i ulike fargar. Eleven vel etter eigen smak og med tanke på andre klede som skal passe til, og teiknar utkast til fasong. Framlegget blir drøfta, og læraren hjelper eleven til å finne fram til forenklingar, så oppgåva ikkje blir for vanskeleg reint teknisk. Elevane tek mål av kvarandre, og dei får litt kjennskap til mønsterforming. Døme: Korleis får ein til vidde i eit skjørt? Korleis får ein eit flatt stoff til å danne form med plass til noko inni? Gruppeinndelinga skal ikkje gjerast etter kjønn. Innanfor ei gruppe er det alltid slik at elevar blir underviste i mindre grupper eller individuelt. Mens nokre syr klede, kan andre arbeide til dømes med knyting eller veving. Ei slik arbeidsordning byr ofte på fordelar, fordi ikkje alle elevane samtidig er i gang med arbeid som krev plass ved symaskin. I hekling, hakking, strikking (sjå Konstruksjon) : Luer, skjerf, vesker. Garn i mange fargar. Elevane vurderer fargar med tanke på andre ting eller kledeplagg det skal stå til og tilpasser form og storleik. I veving: Slips, hårband, belte, vesker. Garn i god kvalitet, rikt fargeutval. Elevane prøver seg fram til storleik, fasong, farge, mønster (sjå Konstruksjon). Bord og måltid: Noko til å setje lys i, av tre eller brend leire. Bordskånar : Kva materiale isolerer godt? Frukostbrikker, skjerefjøl, av furu kjøpt ferdighøvla i høveleg tjukkleik. Ulik utforming, kanskje kantdekor. Serveringsbrett. Blåveisbeger, brend og lakkert leire, med tekstilbrikke under. Eggvarmar som første mønsterforming, skal rundt egget. Serviettring skal halde kring servietten, kanskje også fortelje kven som eig han. Elles står vi fritt i materialval og utforming. Gryteklut, grillvott, må vere mjuk, og tjukk nok til å isolere. Ting til interiøret: Nøkkelbrett og kulepennoppsats skal halde orden på ting, så dei er greie å få tak i. Elles rom for nykonstruksjonar. Aviskorg skal ein kunne bla i og flytte på, bokstøtte må vi eksperimentere med for å sjå korleis ho gjev støtte. Skopussekasse og skrin til hobbysamling må konstruerast med storleik, rom og inndeling utrekna spesielt for formålet. Blir spikra av materiale som er maskinhøvla i høveleg tjukkleik. Dokkeseng, med mål etter ei bestemt dokke. Fuglebrett, må tilpassast formålet. Kvar skal det stå? Skal det ha farge som husveggen? Som trestamma? Skal fuglane ha tak over hovudet mens dei et? Tørkestativ, skostativ, etter mål teke heime. Ny spegelramme til spegelen på rommet mitt.
Skann 250 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 248». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/250/