SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 247 skann 249

247 Teater : Kulisser blir snikra og måla, kostyme planlagde og sydde, gjerne av brukte materiale og kledeplagg. Elevgruppe som tek sikte på ei framføring. Film (super 8) blir planlagd og oppteken av elevgruppe. Som ledd i filmstudium : 1. Filmen som kunstart (filmklubb). 2. Teknisk studium (foto og film). Å vere oppfinnsam er eit ideal i alle slag forming. Men somme oppgaveområde er kanskje særleg utfordrande i så måte. 4.-6. klassesteget. Spel: Ein finn opp nye spel og lagar spelereglar. 1. Spel med tilfeldig utgang, av terningeller lykkehjultypen. 2. Dugleiksspel, der omtanke eller det å vere hendig blir lønt med poeng. Døme: Kulespel, der ein må få ei klinkekule til å følgje ei vanskeleg bane for å oppnå poeng. Berre dette er gjeve som utgangspunkt, resten må finnast opp. Mekanisk leikety, til dømes motorbåt, med propell eller skovlhjul drive av strikkmotor eller gammalt urverk. Gjerne gruppearbeid. Materialtilf anget gjer ein oppfinnsam: Føre marknad i skolemusikken gjer vi ein ekstra innsats med å samle reste- og naturmateriale, ty, skinn, garn, metallbitar, hyssing, leidning, røter, skjel osv. - Kva er det mogeleg å få ut av dette materialet? Hyggeting og nytteting. Det må vere høve til å bruke ulike samanbindingsmiddel og naudsynt verkty. 7.-9. klassesteget. Verkane : Finn opp : Lager som er stødig og gjev liten friksjon og som kan lagast av materiala våre. Klednad til kostymefest på skolen. Alle skal ha sjølvkomponert og sjølvlaga drakt. Kasserte kledeplagg, gardiner, hattar 0.1. blir henta fram. Elevane vel og vrakar, klipper og boltrar seg i ukonvensjonell saum, Potettrykk på nye måtar. Utgangspunkt : Ein potetbit set merke etter seg, fordjuping eller fargeavtrykk. Resten skal finnast opp. Underlagstrykk: Rimelege og urimelege ting er framlagde, og fleire er tilgjengelege, t.d. mange papirtypar og fargetypar, papp, metallbitar, fliser, blondegardiner, hyssing, leire, glasplate. Leik med tråd: Tråden er spent fast i ramme, eller vikla over farga finérplate eller kartong. Lage mønster av trådane, vikle trådar i fleire retningar, veve trådane i kvarandre einskilde stader, brodere inn andre trådar på ulike måtar eller knytte fast trådar, filler, putte inn ulldottar, bitar av tre og metall, halm osv. Føresetnad: Raust utval av materiale, tråd og garn i ulike tjukkleikar og fargar, tau, metalltrådar, filler, knappar og mange slag naturmateriale. Konstruksjon. Gleda over å byggje, over å sjå form vekse fram, kan vere så sterk at bruksformål eller uttrykksformål kjem i andre rekkja. Det byrjar alt med barnet i leikegrinda som stablar leikeklossar på kvarandre, og det held fram med den røynde kunstnaren som konstruerer eit nonfigurativt bilete. 4.-6. klassesteget. Maskebinding : Barna blir oppmuntra til å prøve seg fram for å finne ut korleis maskar kan bli til samanhangande stoff. Døme: Hekling, utgangspunkt i luftmaskar. Korleis få til ei flate? Kan flata bli sirkelforma? Eller firkanta? Elevane eksperimenterer og får gjerne til mange slag rare former i garn. Desse lagar dei figurar av, eller bruker dei kanskje som materiale i eit dekorativt bilete i korridoren. Fellesarbeid. Veving : Trådar som går i ulike retningar, og som grip inn i kvarandre så dei til saman blir til eit nytt stoff, ei flate. Elevane prøver seg fram til mønsterverknader og stoffstruktur : Ein tråd om gongen, fleire trådar om gongen. Godt utval i fargar og materiale: Tjukt garn, filler, hyssing, snorer, strå 0.1. Bordskånar sett saman av maskinhøvla furulister. Leggje vekt på : Å setje saman delane så forma blir vakker. Serveringsbrett av ferdighøvla furu i lister og smekre dimensjonar.
Skann 249 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 247». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/249/