SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 22 skann 24

22 Store krav til personalet. Samarbeid mellom dei vaksne. gangsmåtar som kanskje bryt med tradisjon og gjeldande oppfatning. Foreldre så vel som elevar vil primært ha interesse for ulike kontaktog samarbeidsformer på klasseplanet. Det er og viktig at skolen sitt servicepersonale kjem aktivt med i eit organisert samarbeid om felles oppgåver. Å praktisere skoledemokrati vil og seie at ein må tole at somme tiltak blir mislykka, at ein ikkje når dei mål som er sette. Men dette må ikkje tolkast som bortkasta tid eller som argument mot det samarbeidet som ligg bak. Slike røynsler kan skape grunnlaget for eit meir vellykka resultat neste gong ein tek opp saka. Skolen må stadig arbeide for effektivisering av samarbeidet innanfor den ramma som er sett opp. Det elevsentrerte synet på verksemda i skolen set store krav til personalet. Heile personalet må vere villig til å la elevane fa påverke samværet og arbeidet i skolen. Når elevane reagerer på hendingar på skolen eller i samfunnet, er det viktig at skolen møter desse reaksjonane med forståing og respekt, og at dei ulike syn kan bli utgangspunkt for ein fruktbar diskusjon. Kravet til personalet på skolen gjeld ikkje berre den direkte kontakten med elevane. Samarbeidet mellom dei vaksne må og funksjonere. Takt, toleranse, samarbeidsvilje og solidaritet mellom dei er ein føresetnad for at skolen skal lykkast i å gjere desse omgrepa til realitetar for elevane. Skolen og samfunnet Skolen og samfunnet. Skolen er eit eige samfunn, men han er og ein del av storsamfunnet. Eleven er medlem både av skolesamfunnet og av storsamfunnet, og høyrer dessutan til fleire andre grupper. Både før og under grunnskoletida står familien og heimen sentralt i livet til barnet og den unge, men etter kvart blir kontakten med personar utanfor heimen utbygd, i lagsarbeid og i fritidsverksemd, i kameratgrupper og organisasjonar. Samfunnet vender seg til barnet på ulike måtar som t.d. gjennom massemedia og lovreglar, m.a. gjennom trafikkreglane. Skolen kan ikkje vere isolert frå samfunnet. Arbeidet i skolen må derfor ikkje berre rette seg etter den einskilde eleven, men det må og ta omsyn til samfunnsutviklinga, og elevane må førebuast til å møte nye forhold og krav. Oppgåvene til skolen må derfor stadig omvurderast og fornyast. Samspelet mellom skole og samfunn må vere slik at skolen ikkje berre tek omsyn til dei aktuelle behov i samfunnet, men også på lengre sikt blir ei skapande kraft i samfunnsutviklinga. Dersom det skal lykkast å utvikle elevane til sjølvstendige samfunnsmenneske, må dei fa kunnskap om samfunnet, og forholda må leggjast slik til rette at elevane vil kjenne seg nærmare knytte til fellesskapet. Samspelet mellom skole og samfunn. Skole - lokalsamfunn. Skolen bør halde på kontakten med lokalsamfunnet. Elevane må fa høve til å lære ved informasjon og sjølvsyn korleis bygda eller byen funksjonerer, og korleis bygda eller byen blir styrt. Dei må venje seg til å sjå skolen som ein del av samfunnet, forstå at skolen er avhengig av økonomisk og teknisk stønad frå ei rekkje institusjonar. Ved utplassering i yrkeslivet vil elevane både kunne styrkje denne kontakten med lokal-
Skann 24 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 22». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/24/