SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 246 skann 248

246 Døme. «Fugl». Føresetnaden er at elevane alt er kjende med mange materiale og framgangsmåtar. Jul er felles motivområde for aktivitetar som julepynt, juleløpar, julekort. Dramatisk verksemd: Julespel. Måling, applikasjon med motiv frå juleevangeliet. Afrika som emne. Timar frå alle eller dei fleste faga blir brukte i ein periode til eit integrert opplegg. (Sjå avsnitta om Lærarsamarbeid og Gruppedeling.) Det byrjar med motivering og informasjon som også omfattar det å nemne utsiktene for skapande arbeid. Men det som kan bli mogeleg og naudsynt å gje form, kjem særleg fram etter kvart som ein får større kjennskap til emnet gjennom studium. Ideane kjem dels frå lærarar, dels frå elevar: Afrikanske dyr i ulike materiale og fantasifulle utformingar, groteske papirposemasker, dekorative framstillingar av «Urskog», «Orkide», «Tropefisk». Smykke, tekstiltrykk. Sakleg framstilling av arbeidslivet: Kokospalmen, gruvearbeid, fiske. Negerlandsbyen. Inspirasjon: Afrikansk kunst, musikk, eventyr, song. Arbeidet blir avslutta med presentasjon - gjerne utstilling og framføringar av ulike slag. 7.-9. klassesteget. Grafikk: I staden for å drøfte ulike grafiske metodar kvar for seg, kan ein ta for seg grafikken under eitt og sjå på han frå ulike synspunkt i eit lengre tidsrom. Kva er grafikk? Kva materiale og teknikkar er brukte gjennom tidene? Kva grafiske metodar blir brukte i vår tid? (Museumsbesøk, utstillingar). Kva grafiske metodar kan klassen, gruppa, utføre? Festbordet til foreldrefesten som felles motivering og utgangspunkt: Løpar, brikker, serviettar, serviettring. Lyshaldar. Blomsterbeger. Keramikk: Leire bygd av ringar, eller plater skorne med streng eller kjevla. Invitasjons-, bord- og menykort. Blomsteroppsats. Same motivet blir brukt i ein serie oppgåver. Døme: «Fisk». Sakleg innleiing, arbeidsbok om fiske som næringsveg. Deretter som fellesarbeid : Veggdekorasjon med fiskemotiv, glaserte keramikkplater. Fisk stilisert til dekor : Tekstiltrykk, svipennstempling i tre, punsling eller etsing i metall. Døme på dekorativ kunst med stiliserte naturmotiv. Vår tid: Naturverninspirert arbeidsområde som munnar ut i montasjeprogram med appell. Inspirasjon: Døme frå sosialt engasjert kunst. Innreie skolen : Unytta rom (loft, kjellar) blir innreidde til fritids- eller klubblokale. Planlegging av interiøret. Kva kan ein greie med avgrensa økonomiske midlar? Rimelege materiale, måling og tekstilar. Kanskje gamle ting, som kan tilpassast og pussast opp. Utsmykking. Blomster. Liknande oppgåve: Ansvar for ominnreiing av undervisningsromma i klassen, slik at interiøret kan bli tilpassa nye behov. Eller: Innreiingshjelp til klasse med yngre elevar. Dramatisk verksemd er også uttrykk, men ikkje berre visuelt uttrykk. Fleire verkemiddel kjem med: rørsle, handling, lyd. 4.-6. klassesteget. Dokketeater, spela på dokketeaterscene. Hanskedokker, med stoff- eller pappmasjéhovud. Drakt, gjerne sydd av utbrukte kledeplagg heimanfrå. Spontane, korte episodar for klassen, og større framføringar for yngre barn, for heile skolen, eller på eit foreldremøte. Planlagd handlingsrekkje, men improviserte replikkar. Dramatisk verksemd. 1. Spontant: Frå «kostymegarderoben» av bortlagde kledeplagg hentar ein karakteriserande plagg, og improviserer over eit tema som er vorte aktuelt innan eit emneområde eller fag. Gjerne også mime. 2. Førebudd, men enkle kulisser og kostyme, laga eller omsydde til formålet. Lysbiletserie, teikna for balloptikon, skrifteller diasprosjektør. Transparente fargar for gjennomfallande lys. Kombinert med munnleg framføring. 7.-9. klassesteget. Montasjeprogram («feature») der mange middel blir nytta til å framføre eit emne : Veggplansjar, utstilte bilete og foto, lysbilete og film, musikk og lydeffektar, mime, poesi, prosakommentar, alt i skif.tande samspel.
Skann 248 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 246». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/248/